Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Høyringsinnspel Kaupanger Næringsforening

Avatar: Kaupanger Næringsforening
Kaupanger Næringsforening

Skal Kaupanger halde fram den gode utviklinga, er det viktig at arealplanen legg til rette for ei heilskapleg utvikling av både næringsområdet og tettstaden Kaupanger. Denne balansen mellom bygda og næringslivet skapar eit godt lokalsamfunn, og denne kvaliteten er me opptekne av å ivareta og utvikle. Det er difor særs viktig for næringslivet at det vert tilrettelagt og satsa på ein god skule, god barnehagedekning og tilrettelagte bustadtomter for å få ein god synergieffekt. På mange måtar komplimenterer Sogndal sentrum og Kaupanger kvarandre, og det er ein sterk vekstakse som er viktig å ivareta og vidareutvikle, nærast unik i ein nasjonal distriktsmålestokk.

KN har på eige initiativ fått utarbeida ein Stadanalyse. Arbeidet er utført av Arkitektkontoret 4B i 2017 der bedrifter og private var med i workshops, analysen er tekstoppdatert i 2021 i høve endringar i perioden. Analysen ligg som vedlegg til dette innspelet. Primærfokuset til KN har vore å sjå på utviklinga av Kaupanger i forhold til næringslivet, og ha ein arealplan som stettar framtidige behov for eksisterande og nytt næringsliv. Likevel kjem me ikkje utanom at bustadutvikling, barnehage og skule er viktige faktorar både for den totale kvaliteten til bygda Kaupanger og næringslivet.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share