Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Er det faglege grunnlaget for å vurdere plassering av ny barneskule i Sogndal godt nok?

Avatar: Eldrid Nedrelo
Eldrid Nedrelo

Kommunedirektøren skriv i tilrådinga til plassering av ny barneskule i Sogndal at det ikkje er krav om offentleg høyring i denne typen saker, men at kommunen ønskjer å vere ein samskapande kommune. For å gje moglegheit til å komme med innspel på høyringsutkastet, er den administrative tilrådinga lagt ut til ei innspelsrunde i tre veker. Dette er bra, men eg tykkjer grunnlaget for å vurdere dei ulike alternativa er for dårleg. Eg går ikkje gjennom saka systematisk, men vel å peike på nokre moment for å grunngi dette:

• Kva metode er eigentleg lagt til grunn for at denne utgreiinga skal vere så objektiv som råd? Det er vist til kriteria som er lagt til grunn for vurderinga, men eg saknar m.a. eit eige punkt om borna sine behov. Skulen sine behov er skildra, men i denne saka bør omsyna til borna stå først. Det er m.a. vurdert at plassering av skulen på Kvåle er det alternativet som vil gje høgast kvalitet på skuleområdet, men kva alternativ gjev høgast kvalitet for borna sett i eit lengre perspektiv ut over byggjeperioden (som dreg ned for Trudvang-alternativet)?

• Kvifor er fordelinga av vektinga som den er? Kvifor er Klima og berekraft og Stadutvikling berre vekta med 5% ? Og tomtespesifikke tilhøve er berre vekta med 4 %?

• Utgangspunktet for saka seiast å vere å finne løysing på behovet for ny barneskule saman med ein fleirbrukshall. Er det rett grunnlag med tanke på dei minste skuleborna og deira behov?

• Trudvang er m.a ikkje tilrådd med bakgrunn i at tomta er knapp for å kunne gje eit uteområde med høg kvalitet, byggeperioden vil vere krevjande for drift av dagens skule og for trygg og god skuleveg. Det finst alternativ for utviding av tomta, kvifor er ikkje det tillagt positiv vekt under vurderinga? I vurderingane er omsyn til økonomi og omsyn til storleik på tomta blanda saman. Desse omsyna bør vektast kvar for seg. For alternativet på Trudvang dreg det ned at det må kjøpast tilleggsareal, men for alternativet på Kvåle dreg det ikkje like mykje ned at eit bustad/forretningsområde må eksproprierast?

• Bør ein ikkje legge til grunn alternative løysingar for å huse elevane ved Trudvang i ein byggeperiode? Dette er ikkje kostnaderekna, og det er ikkje utgreidd kva moglegheiter ein har for å løyse utfordringane i sjølve byggeperioden. Sett bort frå at ein har prøvd å vurdere dei trafikale utfordringane.

• «Plassering av skulen på Kvåle er alternativet som vil gje høgast kvalitet på skuleområdet», men eg lurer på kva alternativ gjev best kvalitet for borna samla sett?

• Er det sambruk med aktørane i campusområdet borna på trinn 1-7 har mest behov for? Eg trur ikkje det. Eg trur elevane i denne aldersgruppa treng trygge rammer og samhandling med jamaldrande og at dei kan nytte seg av dei tettstadnære tilboda i sentrumsområdet (på Stitoppen, på Røvhaugane, i Kulturhuset, i sentrumsparken og på Fjordstien.) Dei treng også tilgang på friluftsområde, ikkje berre hallar og fotballbaner. Men vi treng ein ny gymsal på Trudvang. Og så er det fint å ha tilgang til klatrehallen, fotballbana og fleirbrukshallen på Fosshaugane.
Av samandraget om fordelar – ulemper ved Kvåle skule les eg at Kvåle skule vil løyse utfordringar med trafikale utfordringar i bygda, men eg lurer på kva som er best for borna? Eg tykkjer det er urimeleg at det å løyse dei trafikale utfordringane i bygda skal vere avgjerande for lokalisering av skulen.

• Skal plasseringa av barneskulen svare på behova for ulike samfunnsutfordringar dei neste 50-60 åra? Vinsten for skuleborna 1-7 ved dei ulike alternativa er ikkje synleggjort i tilrådinga.

• Trafikale løysingar er sterkt vekta i Kvålealternativet, men kva vurdering er gjort av trafikktryggleiken for borna på skulevegen ved dei ulike alternativa?
• Kva med alle borna, 1-7, som med kommunedirektøren sitt alternativ til tilråding må gå til skulen?
T.d. førsteklassingen i området frå Navarsete til Nestangen? Vegen til Kvåle er lang for hen, uoversiktleg og gjerne uttrygg, i følgje med alle dei store elvane.
Eg vil måtte køyre 1. klassingen gjennom sentrum to gonger kvar veg, både til og frå skulen. Er det løysinga på trafikkutfordringane gjennom Sogndal sentrum?
Kvar vil grensa for rett til skuleskyss gå?

• Kvifor kjem alternativet Kvåle så mykje betre ut enn t.d. Trudvang? Når det gjeld det trafikale er det lagt til grunn fleire premiss som ikkje er avklara, er det rett grunnlag for ei så viktig tilråding frå kommunedirektøren? Fleirbrukshall er trekt fram som positivt med tanke på Kvåle-alternativet, men er det avklara at fylkeskommunen er med på eit fellesprosjekt slik ein legg til grunn?
Ved Kvåle-alternativet er potensialet for å dele kostanden med andre aktørar på Campus framheva, men dette er ikkje utgreidd. Korleis kan ein då vite at det er dette alternativet som kjem best ut? Her legg ein premissar som tvert i mot kan bidra til at alternativet blir langt dyrare enn berekna!

• Kvifor må tilkomst til barneskulen planleggast frå Leighgota utanom ein byggeperiode? Bør ikkje tilkomsten vere frå fleire stader?

Eg saknar ei utgreiing av korleis ein kan løyse dei trafikale utfordringane på Trudvang, både i byggeperioden og i ein driftsfase, for å kunne vurdere konsekvensane av dette alternativet på ein god måte. I tilrådinga er det berre fokusert på utfordringane i byggeperioden – Om ein skal sjå til Kvåle-alternativet, vil det ikkje vere utfordringar for Kvåle skule om ein skal etablere bussgarasje med tilkomstar i nærleiken av Ingafossen? Dette er ikkje vekta.
Korleis kan kommunen vekte dei trafikkale løysingane for dei ulike alternativa når det ikkje er gjort ei fagleg god vurdering eller føreligg ein plan for av kvart alternativ?

Manglane i utgreiinga gjer til at fleire av fordelane med Trudvang-alternativet og ulempene ved Kvåle-alternativet ikkje kjem fram i utgreiinga slik eg ser det.

Grunnlaget for vurderingane synest svært tynne med tanke på behova for BORNA!

Eg meiner dette er ei så viktig sak, både med tanke på vidare samfunnsutvikling og økonomi, at Sogndal kommune må ta seg tida til å legge fram eit forslag til planprogram for detaljregulering med konsekvensutgreiing for «Ny barneskule i Sogndal sentrum». Det bør samstundes varslast oppstart av reguleringsarbeid for dei to reelle alternativa i denne saka, Trudvang og Kvåle. (Revisjon av reguleringsplan for Trudvang.) Forslag til planprogram må skildre formålet med planarbeidet, opplegg for medverknad og behov for utgreiingar. I tillegg må det i planprogrammet innarbeidast vurderingar av fordeler og ulemper knytt til dei to tomtealternativa, som saman med høyringsuttalar skal danne grunnlag for tomteval. Høyringa må vere på minimum 6 veker.

Og eg meiner det må engasjerast fagkonsulentar for dei ulike temautgreiingane.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del