Heilskapleg framtidsretta løysing på Trudvang
Me treng ein større barneskule som rommar 700 elevar, og den må stå klar om berre nokre få år. Prognosar viser at me kjem til å veksa or denne skulen alt om 15-20 år. Dagens bygningsmasse på Trudvang er i bra stand og altfor god til å rivast. Det trengs ei mindre renovering for at den skal halde i 15-20 år til. Mitt forslag er at naudsynte utbetringar vert gjort på eksisterande bygningsmasse og at denne blir vidareført som skulebygg for 1.-4. trinn. Så bygger ein nye lokale for 5.-7. trinn på den utvida tomta på Trudvang.
Om 15-20 år eller når denne skulen er for liten, treng me ein barneskule til. På same tid er det kanskje behov for fleire eldrebustadar eller utviding av SHOS? Da kan den eldste bygningsmasssen på Trudvang vurderast for riving/totalrenovering/ombygging til eldrebustadar og skulen kan nedskallerast til omlag 400 elevar. Samtidig blir det bygd ein ny skule for 500 elevar ein annan stad i Sogndal.
Symjeopplæringa i Sogndal har ikkje vore god nok, mykje på grunn av ein symjehall med sprengt kapasitet. Elevar frå grunnskule, VGS og høgskule nyttar den same symjehallen, i tillegg til elevar frå Kaupanger, Norane, Fjærland og Leikanger. Da blir det få timar symjeopplæring på kvar elev i løpet av grunnskulen, og fleire elevar lærer seg ikkje å symje eller har dårlege symjeferdigheiter etter 10 år på skulen. Dagens basseng er for djupt til dei minste elevane, så difor byrjar dei ikkje før i 3. klasse. No er det kome kompetansekrav i symjing for 2. trinn, som gjer at desse elevane tar buss til Vesterland på Kaupanger for å få symjeopplæring. Det er eit stort behov for ein symjehall til i Sogndal sentrum, tilpassa dei minste elevane.
Mitt forslag er å bygge eit 12,5 m basseng på tomta der Velferdssenteret er i dag og ein kroppsøvingssal tilpassa mellomtrinnet i same bygg med felles garderobeløysing. Tomta ligg like ved Trudvang og bassenget vil gjere at alle elevane frå 1.-4/5 trinn kan få symjeopplæring kvar veke og samtlege vil truleg vere symjedyktige på mellomtrinnet. Bassenget vil også kunne nyttast av revmatikarar og bebuarar på SHOS. Mellomtrinnet vil ha enkel tilgang til kroppsøvingsareal tett på skulen samtidig som den ikkje tar av arealet i skulegården. Om Trudvang treng meir areal til kroppsøving kan dei leige plass i den komande salen som Samen skal bygge i samband med renovering av Studentheimen. Dagens kroppsøvingssal på Trudvang vil dekke behovet til 1.-4. trinn og SFO. Sparte midlar etter vidareføring av dagens bygningsmasse på Trudvang vil kunne dekke ekstrakostnaden med kombinert kroppsøving/symjehall på nabotomta.
Eg har også eit anna forslag til sambruk med SHOS. Gata mellom Trudvang og SHOS er berre asfalt og parkering i dag. Dette arealet kan gjerast om til uteområde for elevar, som også kan nyttast av bebuarar på SHOS, enten samtidig med elevane eller etter skuletid. Me denne løysinga får ein vekk trafikk tett opp til skulen samtidig som ein får utvida utearealet til elevane. Parkeringsplassane som blir fjerna kan til dømes erstattast ved å bygge parkering under den nye delen av skulen.
Dette meiner eg er framtidsretta heilskaplege løysingar som tar både miljømessige og økonomiske omsyn, samt at det skapar eit betre tilbod for både elevar og eldre. Pengar spart ved å velge ei slik løysing, gjer at kommunen kan prioritere behov i andre deler av kommunen, som til dømes hall på Kaupanger eller symjehall på Leikanger.
Det fins ikkje problem, berre utfordringar!
Share