Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Skate- og aktivitetspark

Avatar: Tove Taranger Knutsen
Tove Taranger Knutsen

Ei hjartesak er å ha ein skate- og aktivitetspark der born i alle aldre, og voksne, kan møtast og utøve aktivitetar i form av rullebrett, rulleskøyter, bmx/sykkel e.l. Det største ønsket er å få til ein innandørs park, som kan nyttast heile året, til dømes ved bruk av ei gamal løe, garasje eller lignande tomme bygg/næringsbygg som ikkje er i bruk til noko anna. Altså bruke eit areal som allereie er utbygd. Bygging og utforming kan til dømes utførast som eit prosjekt med sogndal vgs (bygg og anlegg), avhengig av kva areal/bygg som skal nyttast og ombyggast.

Skate-parken kan være enklare å realisera om ein satsar på utendørs skate-park i betong (betongpark). Denne kan realiserast i samband med bygging/utviding av nye og eksisterande skuleområder, til dømes framtidige Kvåle skule eller ved bygging av ny idrettshall ved Kaupanger skule.

Etablering og bruk av ein innendørs skate-hall kan bl.a være organisert av eit idrettslag, sykkelklubb eller være kommunal. Bruken kan organiserast med faste dagar for skateboard, og faste dagar for bmx/sykkel, med ein vaksen vakt til stades.

Ein utandørs skatepark krevjer ikkje organisering og oppfølging i like stor grad, men vil på ei anna side ikkje kunne nyttast på vinteren, grunna kulde og snø. Kanskje nokon andre har idear om kva me kunne nytta ein utandørs skate- og aktivitetspark til om vinteren? Kommenter gjerne nedanfor.

Miljøet finnst i bygdene våre, men møteplassane manglar. Til dømes ser vi i pumptracken på Kaupanger ei auka interesse for denne type aktivitet. Her er det stort sett fullt i sommardagane, og dermed ikkje kapasitet til å ivareta alle som ønskjer å bruke det. Me ser derfor eit behov og interesse for å utvide for fleire slike aktivitets-tilbod, både sommar og vinter. Ein skate- og aktivitetspark vil være eit populært lavterskel tilbod som kan dekke dette behovet.

Comments

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share