Vatn og avløp Nedre Gurvin
Føre fram offentleg vatn og kloakk til det regulerte området "Nedre Gurvin". (ref.pkt. 5.7 i detaljreguleringsplan "Nedre Gurvin" Plan ID:1420-201209 vedteken av Kommunestyret 3.6.2013). Området ligg nært opp til eksisterande off. VA nett og kan knytast opp utan store kostnader. Dette vil gjere at bustadane i området får tilgang på reint drikkevatn og vil ta vekk utslepp av kloakk frå gamle spreiegrøfter og luktproblem i Kvålegrovi.
Share