Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Reduser dørstokkmila- fleire gå/joggbare (ski-) løyper for mosjonistar på mjukt underlag

Avatar: Øyvind Heimset Larsen
Øyvind Heimset Larsen

Eg har sans for delmålet aktiv livsstil, men tykkjer for eigen del at "mosjonisten (som stadig bør over dørstokkmila)" kunne vere eiga målgruppe. Dette grensar opp til hjertesaker som "Kvar skal nye lågterskel turvegar liggje?" og "Kva skal til for at det skal vere godt å bruke Hodlekve i framtida? (Og Kaupanger-skogen?)".

Mi hjartesak er ei eller fleire gå/joggbare (ski-) løyper på fleire kilometer på mjukt underlag med slake stigningar og undabakkar og mykje flat løype. Ikkje designa for konkurransar og blodslit og vonde kne, men for trim og utan asfaltunderlag.

Er ein tur/sykkelsti rundt Barsnesfjorden med ei mjukare renne på sida mogeleg? Eller utover mot Leikanger? Hodlekve blir ikkje som Golsfjellet, men øverste 5km-sløyfa der kan kanskje tilpassast mosjonisten betre (både på somar og vinterstid) om ikkje anna alt er på planen?

Ja, alt dette kostar ressursar og krev planlegging og avtalar med grunneigarar og andre. Men å satse slik på folkehelse med mosjon kan vere ei god investering det. Resultata kan og bli attraktivt for fastbuande, hyttefolk og turistar og skapar andre verdiar og bygge på merkevara vår. Litt slik fjordstien har gjort.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share