Gnr. 85, Bnr. 28 – Omdisponering av eigedom
I samband med revisjon av arealdelen i kommuneplanen i Sogndal søker eg om omdisponering av eigedomen min frå LNF til bustadføremål.
Det vart gjeve løyve til frådeling av gnr. 85, bnr. 28 i møte i Planutvalget den 16.06.1999. Eigedomen vart frådelt for å kunne nyttast til bustadføremål, men arealføremålet har ikkje vorte endra i kommuneplanens arealdel.
Gnr 85, bnr 9 har etablert ein enkel driftsveg som endar i tomtegrensa mi. Eg kan nytta denne vegen for å få køyrbar tilknyting til gardsvegen på Fimreite. I denne vegen ligg det også vassledning som eg kan kopla meg på. Eigedomen er grunnlendt, og har liten verdi som dyrka mark.
Share