Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Transformasjon av lager til bustadar på Kaupanger Kai, samt utvikling av strandlinja og kaifronten som rekreasjonsområde og møteplass i Kaupanger

Avatar: Trine Lerum Hjellhaug
Trine Lerum Hjellhaug

Lerum Eigedom Kaupanger Kai AS spelar inn følgjande til arealplanen i Sogndal kommune:

«Transformasjon av lager til bustadar på Kaupanger Kai, samt utvikling av strandlinja og kaifronten som rekreasjonsområde og møteplass i Kaupanger»

Lerum Eigedom Kaupanger Kai AS (105/426) og Bjarne Lerum Bilmuseum AS (105/107 og 105/480) eig saman det tidlegare sagbruket i Kaupanger. Eigedommen er i dag brukt til lager for Lerumkonsernet og bilmuseum. Lerum har i framtida ikkje behov for lager på denne eigedommen, og vurderer å transformere eigedommen til bustadar.

I denne samanheng har vi utarbeida eit moglegheitstudie for eigedommen der vi transformerer dagens lager til bustader (leilegheiter).

I forlenging av dette moglegheitsstudiet har vi også gjort oss nokre tankar om korleis strandlinja frå vår eigedom til stupetårnet kan vidareutviklast i eit samspel mellom alle dei aktørane som har interesser i området. Målet har vore å vise korleis vi kan gjere fjorden tilgjengeleg for alle og korleis vi kan utvikle eit yrande folkeliv på kaien på varme sommardagar. Vi har presentert tankane for aktørane som har interesse i området.

Amlabukti har historisk sett vore ein møteplass i Sogn, og folk har møttest for handel og kyrkjeleg fellesskap. Det er viktig å ha respekt for historia og kulturlandskapet, både gjennom tilpassing og gjennom fornying og vidareføring av tradisjonen om å vere ein møteplass der fjorden var ein viktig ferdselsveg.

Vi trur dette vil bli attraktive bustader, og vil mest sannsynleg frigjere bustader til familiesegmentet i andre deler av Kaupanger. Heile området ved kaien/fjorden har eit stort potensiale til å bli ein enno betre møteplass for både lokalbefolkning og reiseliv. Gjestehamn, badeplass og Amlabukti er òg ein portal til verdsarvområdet frå nordsida.

Kaupanger Kai kan derfor vere starten på eit viktig prosjekt for å ruste opp Amlabukti og skape aktivitet ved fjorden. Skal vi klare å realisere ambisjonen vist i skissa under er vi avhengige av at dei ulike interessentane i området har eit felles ønskje om å få dette til.

Lerum Eigedom Kaupanger Kai AS ønskjer å starte opp ein reguleringsprosess av sin eigedom i januar 2022.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share