Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Utvida bruk av skytebana på Kleppa

Det er i dag tre aktive skyttarlag i Leikanger kommune – Leikanger Jakt og Fiskelag (LJF), Leikanger skyttarlag og Leikanger Sportsskyttarlag. Desse laga disponera i dag ulike tre skyteanlegg spreidd rundt om i bygda. På Kleppa har LJF skytebane for leirdueskyting, i Eivaldgjerdet har Leikanger skyttarlag innandørs- og utandørs skytebane (DFS) og Leikanger sportsskyttarlag disponera innandørsbana i Ungdomshuset (finkaliber).

Grunna stor auka i aktivitet opplev både skyttarane i LJF og skyttarane i Leikanger Sportsskyttarlag at det er behov for betre treningsarenaer til skyting. Representantar frå desse gruppene har difor gått saman for å undersøke moglegheita for å utvide bruken av skyteanlegget på Kleppa.

Utgangspunktet for planen er difor den allereie godkjente skytebana til Leikanger Jakt og fiskelag som ligg på Kleppa, og som i dag blir brukt til leirdueskyting. Målet er å legge til rette for at både hagleskyting, rifleskyting og pistolskyting kan utførast på denne bana.

AKTIVITETAR I SKYTTARLAGA
JAKTFELT – LEIKANGER JAKT OG FISKELAG
Jaktfelt er ein type feltskyting som i hovudsak er organisert gjennom Norges Jeger- og Fiskeforbund. I denne greina skyt ein med rifle på ulike dyrefigurar på varierande avstandar og i forskjellige skytestillingar (ståande, sittande og liggande). Vanlegvis skyt ein på 6 ulike hold med 5 skot i kvar figur.

I Leikanger Jakt- og fiskelag er det om lag 10 personar som er aktive skyttar og regelmessig trenar og konkurrera i jaktfelt. Denne gruppa utgjer med det ein stor del av den aktive skytegruppa i laget. Jaktfeltskyttarane har hittil hatt avtale om treningar på seinvinteren og våren på Leikanger skyttarlag si bane.

Dei siste åra har det vore ein stabil deltaking frå denne gruppa på lokale jaktfeltstemner i Sogn og Fjordane (både NJFF og DFS) og det har vore deltakarar på NM. Dei siste åra har skyttarar frå LJF vore stabilt i fylkestoppen både individuelt og i lagskyting, med blant anna Fylkesmeistrar i lagskyting og ein rekke individuelle pallplassar. I tillegg har klubbskyttar gjort det svært godt med sigrar på lokale stemner og vinnarar i Våpenloftet-Cup. Dette har også ført til auka rekruttering, og talet på aktive skyttarar har meir enn dobla seg på få år.

PISTOL – LEIKANGER SPORTSSKYTTARLAG
Leikanger sportsskyttarlag er organisert under Norges Skytterforbund (NSF). Dei er aktive innan fleire disiplinar pistolskyting som både nasjonale pistoløvingar i baneskyting og nordiske pistoløvingar i feltskyting. Laget har sidan oppstarten i juni 2017 opplevd stor vekst i tal medlemmar, og er godkjend arrangør av det obligatoriske tryggleikskurs ein må ha for å delta i pistolskyting. Laget har også fleire godkjende instruktørar og standplassleiarar som har lov til å arrangere stemner.

På kort tid har laget etablert seg som ein stabil klubb, med over 50 medlemmar. Skyttarane deltek aktivt på stemner både lokalt, regionalt og nasjonalt. Klubben har allereie arrangert to feltstemner.

Etter avtale med LJF arrangerte klubben si første feltstemne i skyteanlegget på Kleppa 1. juni 2019, og den andre vart arrangert 7. september 2019. Det var mange deltakarar og veldig positive tilbakemeldingar på båe stemnene. Opplegget var særs vellukka med mange gode tilbakemeldingar på løypa, anlegget og dei flotte fasilitetane. Klubbhytta som vart nytta til påmelding, sekretariat og til det var fullt kiosksal.

TRENINGSBEHOV
JAKTFELT
Jaktfelt-gruppa har behov for betre treningsfasilitetar for å satse vidare. Slik det er organisert i dag, kan skyttarane etter avtale trene på skytebana i Eivaldgjerdet. Dette må skje innanfor skytebana sine opningstider og soframt det ikkje kollidera med DFS-skyting og DFS-trening. Skytetidene på bana til Leikanger skyttarlag er tysdag og torsdag kl 17-21 og laurdagar kl 14-17. I realiteten inneber dette at det er avgrensa kor mykje jaktfelt-skyttarane kan nytte denne skytebana, spesielt når DFS-feltskytinga startar opp på våren.

På vinteren og tidleg vår er det mørkt allereie kl 17, så skyting er vanskeleg i vekedagane. Jaktfeltskyttarane står då att med skyting berre på laurdag, so fremt dette ikkje kolliderar med andre arrangement på skytebana.

Vidare er skytebana utstyrt med elektroniske skiver både på 100m og 200m for DFS-skyting. Dette gjer det vanskelege å kombinere DFS-skyting med jaktfelt-skyting som skjer på pappfigurar, med «manuell» anvisning og klistring av skiver.

Dei siste åra har Leikanger skyttarlag utvida skytebana si, og fått etablert eit flott felt-anlegg med elektroniske feltskiver. Dette betyr imidlertid også at det er vanskelegare å gjennomføre skyting mot Jaktfelt-figurar på papp. Dei fastmonterte feltblinkane til skyttarlaget reduserar områder med kulefang som jaktfeltskyttarane tidlegare har nytta til sin skyting.

Jaktfeltskyttarane ynskjer å legge til rette for rifleskyting på Kleppa. Dette vil gjere det enklare å få trene regelmessig, og treninga vil vere betre tilpassa dei forholda ein faktisk møter på stemner.
Behovet er utandørs standplassar (Om lag 15-20 m², utan spesielle krav til opparbeiding. Standplass skal vere feltmessig. Kan og nytte eksisterande standplass med overbygg) og skyteavstand på inntil 100 meter (sjå skisse). Det er ikkje krav til fastmonterte skivestativ, då desse er mobile og vert flytta etter kva hold og figurar ein skyt på. Det vil vere naudsynt med ein eller fleire små vollar som gir sikker bakgrunn.

Eit betre tilrettelagt skyteanlegg vil også gjere Leikanger Jakt- og fiskelag i stand til å arrangere NJFF jaktfeltstemner. Dette er eit tilbod som pr.d.d. ikkje eksistera i indre Sogn, men som mange etterlyser. Nærmaste stemner har dei siste åra vore i Hyen og på Eid, noko som inneber 6 timar køyring t/r.

PISTOL
Pistolskyttarane trenar i dag på den tidlegare innandørsbana til Leikanger skyttarlag i Ungdomshuset. Sidan dette er ei 15-meters innandørsbane, er bana berre godkjent for skyting med finkaliber (miniatyr) og luft. Skyttarane får her berre trene med finkaliber (.22 cal), og det på ei simulert nedskalert bane. Denne bana er imidlertid ikkje godkjent for konkurransar, då det krevst minimum 25m skytelengd.

Dei fleste aktive pistolskyttarane i klubben deltek også på stemner i klassane for grovkaliber, og har difor eit behov for å kunne trene med desse våpena. Slik stå er no, er det eit stor handikap for desse skyttarane at den einaste «treninga» dei får er skyting i konkurransesamanheng. Skal dei kunne hevde seg i desse klassane, er det heilt naudsynt å får meir mengdetrening med grovkalibra våpen.

Pistolklubben ynskjer å legge til rette for pistolskyting på Kleppa. Behovet er ein enkel standplass (15-20 m² planert og grusa grunn der ein kan skyte ståande). Skyteavstand er mellom 25 og 50 meter. Det er ikkje behov for større faste installasjonar for skivene, relativt enkle stativ vil vere tilstrekkeleg.

GEVINSTAR VED EIT KOMBINERT ANLEGG
Det er fleire gevinstar og synergiar ved å samlokalisere fleire skyteaktivitetar på Kleppa.

• Ved å legge til rette for å rifleskyting på inntil 100 meter kan Leikanger Jakt og fiskelag få eit fullgodt treningsanlegg for jaktfelt, samt arrangere oppskyting både til ordinær Jegerprøve (5 skot, villreinfigur, 100m) og til Bjørnejegerprøven. I tillegg kan det riggast som ei tilnærma fullverdig «Rovviltbane».

• Fleire skytegreiner vil gi meir aktivitet i anlegget. Det er sannsynleg at «aktivitet vil generere aktivitet», med meir utveksling av medlemmar mellom dei ulike skytegreinene. Dette kan føre til auka rekruttering i begge klubbane.

• Det vil bli meir aktivitet i hytta, både med interne arrangement og utleige, t.d. ved arrangering av stemner, kurs osv.

• Det vert fleire brukarar som aktivt kan vere med å forvalte anlegget ved dugnader.

• Ein kan med enkle grep legge til rette for skiskyting, dersom dette er av interesse for Syril.

FØRESETNADER / ENDRINGAR
Skal ein realisere desse planane er det fleire ting som må på plass. Først og fremst trengs det ulike godkjenningar, både frå grunneigarar, kommune og politi.

• Prosjektgruppa har allereie vore i dialog med politiet, og vi har gjort undersøkingar opp mot grunneiegarar for å undersøke kva som er aktuelt og kva som ikkje er mogeleg å få til. Vi har tilpassa planskissene etter tilbakemeldingar frå grunneigarane, og slik det ligg føre no, er det ein grunneigar som blir berørt. Vedkommande har vore positiv for at tilpassingane i terrenget kan gjennomførast, og har ikkje innvendingar mot den ynskja utvida bruken.

• Kulefang/voll vil ligge utanfor traséen der Syril trakkar skiløype om vinteren. Lengda på kulefang/voll kan justerast og tilpassast på fleire måtar, utan at det kjem i konflikt med eksisterande bruk av området. Det same gjeld opparbeiding av standplass for pistolskyting. I vinterhalvåret vil heller denne ikkje komme i konflikt med skitraseén. Standplass for rifleskyting krever ikkje nokon inngrep, då skyting anten skjer frå allereide etablerte standplassar/terreng. Kulefang kan etablerast som mindre einingar for høvesvis pistol og rifleskyting. Alternativt kan det opparbeidast ein lenger voll som gir større fleksibilitet med omsyn til skyting og bakgrunn.

• Kulefang/voll vil stette krav som gjeld med omsyn til høgd og miljø. Det vil hensynta oppsamling av bly i sandfeller og avrenning.

• Skyting vil i stor grad skje i same sektor/retning som skytebana er godkjent for i dag. Det er vidare ikkje noko høgare støy knytta til rifleskyting eller pistolskyting samanlikna med hagleskytinga som skjer på bana i dag. Snara tvert i mot, då mykje av den type skyting føregår med lyddempar montert på konkurransevåpena.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del