Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Innspel frå FAU Furuli barnehage: Bruk av arealet bak Furuli barnehage.

Avatar: Kristine Loftesnes Feigum
Kristine Loftesnes Feigum

Dagleg nyttar barnehagebarn seg av skogen og bøen bak barnehagen. Her har dei fått løyve til å setja opp lavvo og andre "naturleikestativ". Bøen er godt egna for aking på vinteren, då det ikkje er biltrafikk i nærleiken. I tillegg er skogen og bøen brukt mykje av både barnehageborn og skuleborn på fritida til frileik. I arealplanen er dette arealet satt av til framtidig boligbygging. FAU Furuli barnehage ynskjer å spele inn at ein i eventuell prosess med utbygging må ta omsyn til korleis ein tek vare på delar av området for å sikre framtidig bruk av born og barnehage.

FAU Furuli barnehage ynskjer også å spele inn behovet for ein gang og sykkelsti frå Mattisstykkje til Dalkupvegen, som skissert på vedlegg. Dette vil knyte betre saman Bjørk og vere ei tryggare ferdselsåre frå Bråtane til Kvernhushaugen. Dette vil også redusera bruk av barnehagen som "gjennomfartsåre" for gåande, trillande, syklande og hundeeigarar. Ein slik veg vil leggja til rette for auka bruk av sykkel i kvardagen for buande på feltet og redusere biltrafikk til barnehagen. Dette vil vere spesielt aktuelt når ein ser det i samanheng med innspelet til Nordbohus om bustadbygging på Bjørk.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share