Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Naturmangfald som berande prinsipp i arealplanen

Vi har dei seinare åra fått urovekkande påminningar om naturkrisa i verda. I 2019 rapporterte Det internasjonale naturpanelet om at 10 prosent av insekta i verda er truga av utrydding (IPBES 2019). I dag reknar vi med at heile 25 prosent av dei trua insekta i Noreg er knytt til kulturlandskapet. Arealet slåttemark i hevd i dag er truleg mindre enn éin prosent av arealet for 50 år sidan. Produktive slåttemarker blir gjødsla opp og gjort om til intensivt drivne areal, og marginale jordbruksareal går ut av drift og gror att. Dette kjem i tillegg til nedbygging og omdisponering av landbruksjord til busetnad- og næringsformål. Det er difor trong for å utvide leveområda til engartane utanfor landbruket sine areal, som t.d. hageeigarar, som det er mange av i Kaupanger og Amla. Framlegg om utbygging av landbruksareal og gamle frukthagar, som vi finn mange av rundt Amlabukti, må ta omsyn til bevaringa av landbruksareal og frukthagar som er viktig for biologisk mangfald.

Bevaring av artsmangfaldet må vere ein viktig del av kommuneplanarbeidet for å sikre samanheng i areal, og gje retningsliner som fremjar pollinatorvenleg vegetasjon. Parkar, naturområde, store tre, byrom, grøntanlegg og private hagar er ein viktig del av ein slik grønstruktur.

I Kaupanger, og særleg rundt Amlabukti er det lagt ned eit stort arbeid for å ivareta gamle kulturmarker og skape betre vilkår for pollinerande insekt. Vi vil særleg trekke fram Brekka bruk og Kaupanger Hovedgård. I tillegg driv Amble gard stort med fruktproduksjon og er avhengig av pollinerande insekt. Det er viktig at framtidige tiltak ikkje bryt med viktige leveområde og korridorar som insekta er avhengige av. Vi føreslår difor at kommuneplanarbeidet skal skje i tråd med den nasjonale pollinatorstrategien.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share