Jordvern og markagrense i Kaupanger
Både innmarka og skogsområda i Kaupanger er viktige for primærnæringane, og arealplanen bør legge til rette for bevaring av landbruksareal.
I Kaupanger har vi dei siste åra sett fleire planframlegg som strir med punkt 3.f. i samfunnsplanen, bruke nærmiljøet til bygge engasjement for klima, miljø og ressursbruk, samt punkt 5 og punkt 27. i prinsipp for arealplanen (Opne for forsiktig fortetting i eksisterande småhusområde som skal bevarast og unngå bygging på matjord i heile kommunen og unngå ulemper for landbruket ved bygging og tiltak). Nokre av framlegga til den nye arealplanen om bustadområde er døme på ei utvikling som vil ha negative konsekvensar for aktiv landbruksdrift.
Moglegheitsstudien for Kaupanger har lansert omgrepet «markagrense» for Kaupanger. Dette er aktualisert med forslaga frå t.d. Sognehus AS og Nordbohus Sogn AS om å leggje ut viktig landbruks-, natur- og turområde som bustadområde i arealplanen. Området ved Mårkjettehola er t.d. ein av dei viktigaste innfallsportane til friluftsområda i Kaupanger, og området er i sin heilskap viktig for naturmangfald. Vi fryktar at større nedbyggingar av LNF-område og nye byggefelt og infrastruktur vil skape press om vidare nedbygging for å forsvare tiltaka økonomisk. I eit miljøperspektiv, der kommunen har forplikta seg til å jobbe etter FN sine berekraftsmål kan vi ikkje sjå at det er mogleg å forsvare slike framlegg i arealplanen.
Vi støtter difor forslaget om markagrense og ber om at dette vert konkretisert i arealplanen med eigne føresegner i arealplankartet. Det er viktig at slik markagrense vert etablert både vest for eksisterande byggefelt og langs industri – og næringsområdet i Kaupanger i aust. Ei slik grense bør inkludere Øygardsfeltet (Kjøpstad). Dette er eit område som inneheld viktige natur- og kulturminneverdiar. Området er i dag viktig nærturområde og har potensiale for å bli det i enda større grad i framtida.
Share