Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Kaupanger og Amlabukti – ein fruktbar tettstad også i framtida

Landskapet rundt Amlabukti er sårbart for større inngrep. Kaupanger Hovedgård, Kaupanger stavkyrkje, småhusbusetnaden og gardsbusetjinga i Amla (Amble gård og Nedre Amla) karakteriserer det samla kulturlandskapet rundt Amlabukti. Dersom t.d. småhusbusetnaden skal fortettast må det følgje retningslinene i Stadanalysen for Kaupanger og Amlabukti. Større inngrep som nedbygging av landbruksjord må ein òg unngå. Dette er i tråd med punkt 1.h. Gjere kulturarven og kulturmiljøa til ein levande del av tettstaden. Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken - Engasjement, bærekraft og mangfold legger òg opp til at kommunane skal ta større ansvar for kulturminna i kommunane.
Vi ber difor om at det i arealplanen vert lag opp til:
• å unngå storstilt nedbygging av landbruksareal rundt Amlabukti
• å vurdere om forslag til buffersone i forvaltingsplanen for Kaupanger Hovedgård og Kaupanger stavkyrkje kan vere eit godt verktøy for å skape medvit om konsekvensar av inngrep, og styre den framtidige utviklinga i landskapet rundt Amlabukti
• å utarbeide ny felles kulturminneplan, med føresegner, som del av den nye arealplanen for å samle kunnskap om kulturmiljøverdiane rundt Amlabukti og kommunen elles
• å framheve dei kulturhistoriske verdiane gjennom ein skiltplan for nedre del av Kaupanger, der ein nyttar omgrepet «Historiske Kaupanger» (dette er òg i tråd med forslag i Moglegheitsstudien for Kaupanger)

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share