Mjuke trafikantar i Kaupanger
Amlabukti er eit særs populært tur-, frilufts- og utfartsområde med tre offentlege badeplassar (Amla, ferjekaien og Bjørkanausti). Samstundes bur det mange barn i skulealder i området. I samfunnsplanen er etablering og vedlikehald av gang- og sykkelvegar og snarvegar mellom bustadområde, skular, barnehagar og fritidsaktivitetar prioritert (punkt 5. f.).
Tiltaket med å gjere Kyrkjegota i Kaupanger om til gang- og sykkelveg har vore viktig for mjuke trafikkantar, både som skuleveg og til badeplassar mm. Men det er framleis behov for betre skilting av Kyrkjegota og parkeringsplassen ved stavkyrkja. Som naboar til riksvegen registrerer vi at det ofte er høg fart og potensiale for farlege situasjonar.
Vi støttar forslaget til FAU i Kaupanger om å definere Brekkeflatensom gang- og sykkelveg med forbod mot gjennomkøyring, og å unngå bruk av denne vegen som bilveg til skulen og andre aktivitetar. Dette vil styrke moglegheitene for fotgjengarovergang over Rv. 5 til Kyrkjegota, og vil sikre god og sikker gangveg mellom Amlabukti og bustadfeltet i øvre Kaupanger.
Vi registrerer at Teigen er spelt inn som bustadområde i ny arealplan. Dersom det i den samanheng vert lagt opp til bruk av Brekkeflaten som tilkomstveg vil dette ikkje vere i tråd med bruk av vegen som trygg veg til skule og fritidsaktivitetar. Vi ber difor om at dette vert vurdert grundig i det vidare arbeidet med arealplanen. Her viser vi òg til at «Trafikktryggleik vert vurdert som eit eige tema i konsekvensutgreiinga, med undertema tilhøve for mjuke trafikantar, skuleveg, vegstandard og utforming av eksisterande kryss og avkøyrslar» (jf. planprogram for arealplan for Sogndal kommune 2022-2032).
Share