Arealplanen må ta omsyn til truga artar og naturtypar
Sogndal kommune har også sett i gang arbeid med temaplan for naturmangfald, og vi reknar med at denne temaplanen vert lagt til grunn for arealplanen og arealbruken i kommunen både på kort og lengre sikt. Vi vil likevel nytte høvet til å spele inn ei konkret sak på Kaupanger i denne oppstartsfasen av arealplanen.
Våtmarksområdet ved travbana, "Travbanetjørnet", er den største hettemåselokaliteten i heile Vestland fylke. Andre kritisk truga artar som vipe har også blitt registrert her. Hettemåsa har, i siste revidering av den norske raudlista frå hausten 2021, blitt kritisk truga. Blant dei største trugsmåla mot arten finn vi menneskeleg ferdsle, uro i hekketida, gjenfylling av dammar og drenering av våtmark, jamfør Artsdatabanken. Våtmarker er også vårt mest truga økosystem globalt (kanskje også nasjonalt), og det mest effektive landbaserte økosystemet for å fange karbon. Hettemåsene flyg til varmare strøk om vinteren. Når dei er trekt sørover og frosten har lagt seg er Travbanetjørnet eit populært rekreasjonsområde for skøyteentusiastar. Folk i alle aldre kjem for å gå på skøyter, dei brenn bål og hyggar seg. Vi håpar kommunen kan ta vare på dette området slik at både truga naturtyper og truga artar kan bli spart for massedumping, drenering, graving og køyring når dei treng ro for å ta vare på ungane sine i barmarksesongen, og ei slik bruk vil også gå hand i hand med vinterbruken av området til rekreasjon.
Kjelder:
Brandrud, T.E. & Breistøl, A. 2020. Rv. 5 Loftesnes-Kaupanger, Sogndal kommune. Kartlegging av naturtypar og artar. NINA Rapport 1864. Norsk institutt for naturforskning.
Våtmark forsvinner tre ganger raskere enn skogene - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
Share