Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Ta vare på landskapet rundt Amlabukti!

Avatar: Stein Joar Hegland
Stein Joar Hegland

Amlabukti er eit av dei mest unike landskapa ved Sognefjorden, som har multifunksjonelle eigenskapar knytt til friluftsliv, naturkvalitetar, kulturhistorie, reise- og næringsliv, landbruk og folkeliv!

Dei siste åra har det kome opp planar om å endra kraftig på dette landskapet gjennom nedbygging og massiv vegbygging, noko som har vakt eit sterkt engasjement. At mange i fjor måtte bruke mykje krefter på å motarbeide eit forslag om eit stort bustadfelt, i staden for å bruke kreative krefter på å utvikle det unike miljøet rundt Amlabukti, var eit direkte resultat av den dårleg utvikla arealplan til gamle Sogndal kommune.

I den gamle arealplanen var det lagt opp til utbyggingsareal med ein utnyttingsgrad som ikkje var tilpassa området sin særskilde karakter. Amlabukti er ikkje rigga for moderne bustadfelt! Utnyttingsgraden som låg inne i gamle-planen verka nærast å tvinga fram forslag om storstilte utbyggingar, og at til og med behovet for nokre få tomter utløyste krav om relativt mange einingar.

Vi ber om at den neste arealplanen tek omsyn til kva ein stor del av lokalbefolkninga i det historiske Kaupanger og Amla meiner (jf. Folkemøtet på Sogndal hotell m.m.), og at det som er gjort av utgreiingsarbeid tidlegare (spesielt Stadanalysen) ligg til grunn. Det betyr at større bustadfelt ikkje bør førekome ved Amlabukti og at vidare utbygging i dette landskapsrommet må bygge på fornuftige prinsipp knytt til å ta vare på og utvikle bu-, natur- og kulturmiljø.

Våre konkrete forslag er difor at kommunen i sin neste arealplan:
• fjernar alle areal som er merka som “Nåværende boligbebyggelse” og “Framtidig boligbebyggelse” (jf. Kommunekart) med høg utnyttingsgrad som ikkje er tilpassa bukta sin identitet

• legg til områder der fortetting kan gå føre seg med tilpassa utnyttingsgrad (jf. Stadanalysen av 2004 sine A, B eller C-område, eller Moglegheitsstudia 2021; dvs. tilpassa eksisterande bu- og kulturmiljø)

• lagar “markagrense” (jf. Moglegheitsstudia 2021) ved dagens grense mellom busetnad og skog for å verne om landskapsrommet sin identitet

Vi understrekar at mykje utbyggingsarealareal som ligg inne i den gamle planen vart teikna i kart utan at lokalbefolkninga blei høyrt, og i nokre av områda heller ikkje meldt inn i dialog med grunneigar. For å sikre god dialog og unngå splid i bygda, bør som hovudregel, planforslag som ikkje er avklart med andre grunneigarar bli avvist og ikkje bli inkludert i ny arealplan.

Vi vonar kommunen vil ta omsyn til våre innspel ved utarbeiding av ny arealplan. Vi viser også til vedlegget for meir argumentasjon rundt ulike kvalitetar som understrekar behovet for å ta vare på og sikre rett type utvikling av vårt unike lokalmiljø!

Vedlagte skriv er underteikna av 37 personar.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del