Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Musikkbinge i kvar bygd

Avatar: Sogndal Ungdomsråd
Sogndal Ungdomsråd

Dette er det andre innspelet frå Sogndal Ungdomsråd. Som òg inngår i samfunnsplanen, «stimulere til mangfald i fritidstilbodet for og til barn og unge». Ungdomsrådet ynskjer at det skal vere ein musikkbinge, eller eit lokale tileigna til å drive med musikk i kvar bygd, gjerne i sentrum, og i nærleiken av ungdomslokalet som er tiltenkt. Lokalet skal ha tilgang til musikkinstrument og utstyr som skal til for at ungdom kan utvikle seg uavhengig av økonomisk bakgrunn. Dette tilbodet må vere likt i alle bygder. Pr. no er det ingen tilbod på kaupanger. For dyrt tilbod i Solhov, Leikanger må ein ha med instrument sjølv, mens det er gratis i Balestrand. Ungdomsrådet ynskjer å styrke kulturaktivitet i kommunen, og gje ungdom som ikkje driv med fysisk aktivitet betre lavterskel tilbod. Og ikkje minst skal dette vere eit tiltak mot barnefattigdom, og eit tiltak for å inkludere alle barn og unge. Eit slikt tilbod er eit effektiv lavterskeltilbod for alle barn og unge som er nyfiken på denne hobbyen samt ein fin aktivitet for å bli kjendt med andre.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share