Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Ungdomshus i kvar bygd!

Avatar: Sogndal Ungdomsråd
Sogndal Ungdomsråd

Sogndal Ungdomsråd har to innspel til arealplanen til kommunen.
Det fyrste innspelet handlar om møteplassar for ungdom. Det står allereie i samfunnsplanen, som blei vedtatt i fjor, om møteplassar for ungdom i bygdene. Under best for oppvekst står det under mål 5, «Lokalsamfunn som innbyr til fritidsaktivitet og sosialmøte», at det skal etablerast uformelle møteplassar for ungdom innomhus i kvar bygd.
Ungdomsrådet ynskjer eit eige lokale, innomhus, for ungdom. Det skal vere eit lokale som ligg i sentrum, eller sentrumsnært i alle bygdene, Sogndal, Kaupanger, Leikanger og Balestrand. Lokalet bør ikkje vera eit fleirbruksrom som skal nyttast av andre målgrupper, ungdom treng noko for seg sjølv. Ungdommar ynskjer ein uformell møteplass, der det er mogleg å utforske kulturaktivitetar utan fast organisering. Me er mange ungdommar som treng lavterskel tilgang til å utforske interessene våre. Som ikkje er fotball, handball og ski, då det finns godt med slike tilbod i heile kommunen. Lokalet må kunne invitere og appellera til at ungdom til å vere der, slappe av, sosialisere seg.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share