Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Fleire trygge kryssingspunkt av Rv 5 på Kaupangerskogen og i Kaupanger (Forslagstillar: FAU ved Kaupanger skule)

Avatar: Stein Joar Hegland
Stein Joar Hegland

Rv 5 er svært dårleg tilrettelagd for barn og unge sin ferdsel i Kaupanger. Vegen bør få minimum tre trygge kryssingar til på strekninga Skogly til Vesterland. A) Sentrumskryssing ved dei nye busstoppa; B) Kryssing ved idrettspark og austenden av travbana; C) Kryssing ved Vestreimsskrysset og avkøyrsla til skytebana, og to minst trygge kryssingspunkt til nede i Kaupanger ved D) Kaupanger stavkyrkje/Båthavn/Bjørkanausti badeplass; og E) på Kaupanger Ferjekai (gangfelt + fartsreduserande tiltak).

Vedlagte skisse viser forslag for alle kryssingspunkt samt forslaga med rundkøyringar+ 50-sone i sentrum og droppsone ved Skogly (sjå eigne forslag på nettløysinga).

Tiltaka er alt frå ganske enkle til å gjennomføre til noko meir krevjande. Dei krev at vegmyndigheitene prioriterar mjuke trafikantar høgare i Kaupanger skulekrets. Kommune kan vera pådrivar for å få til dette og vi håpar våre idear kan få i gang gode prosessar og gode tiltak for Kaupanger sitt beste.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share