Arealplan for Sogndal kommune 2023-2033
#arealplan Planen som bestemmer kva som kan byggjast kvar
Droppsone og parkering ved Skogly + gang og sykkelveg på Brekkeflaten (Forslagstiller: FAU ved Kaupanger skule)
FAU ønskjer å fremja tiltak som reduserer biltrafikk på skulevegar, på skuleområdet og der barn og unge oppheld seg i fritida, og samstundes fremjar folkehelse. Dersom ein får etablert ei droppsone ("rundkøyring") ved Skogly samt ein parkeringsplass så kan både skulebruk og fritidsbruk med bil kanaliserast til ein stad (m.a. droppe droppsona ved bedehuset).
Dersom ein også definerer Brekkeflatenvegen som ein gang- og sykkelveg, med forbod mot gjennomkøyring, så vil ein kunne oppnå betre trafikktryggleik, betre folkehelse, og i tillegg mindre slitasje på ein grusveg som krev jamleg vedlikehald.
Betre parkeringsforhold ved Skogly er også viktig for frilufsbrukarar av Kaupanger, t.d syklistar, og for den nye idrettshallen som skal kome.
Tiltaket krev ein liten investering, men er relativt rimeleg og utifrå vår vurdering lett å få til. Må planleggast slik at det passar inn med omgivnadane og ikkje gir meir asfalt og harde flater i Kaupanger. Til dømes kan ein bruke beleggingstein der gras kan vekse gjennom og ha god beplanting med tre og buskar m.m.
List of Endorsements
Report inappropriate content
Is this content inappropriate?
Comment details
You are seeing a single comment
You can check the rest of the comments here.
Hei. Dette er eit kjempeviktig tiltak i forhold til trafikktryggleiken til spesielt skuleborn som går/syklar til, frå og langs brekkeflaten. I brekkeflaten er det høg trafikkmengd, og i samband med auka mengde gåande og syklande, til dømes auka bruk av el-syklar, ser vi ein tendens som kan føre til høgare risiko for uønska hendingar.
Også av- og påkjørsla frå kaupangsvegen til brekkeflaten kan være farleg ifm kryssing av gs-veg, og at den ligg uoversiktleg til like før/etter ein sving, samt at den ligg i ei helling kor vegen ofte er glatt på vinteren. Det er også eit busstopp (utan busslomme) og fotgjengerovergang på kaupangsvegen like ved avkjørsla til brekkeflaten, som lagar blindsoner for trafikken på kaupangsvegen, som deretter skapar uoversiktlige situasjonar ved av- og påkjøring til brekkeflaten. Ved å nytte brekkeflaten som gang- og sykkelveg med forbod mot gjennomkøyring, som foreslått i dette innspelet, kan desse utfordrande forholda og situasjonar unngås.
Brekkeflaten blir også nytta som akebakke, og det er kryssande tur/sykkelstiar frå skogen inn på vegen.
Synes derfor dette er eit godt innspel og støttar dette :)
Loading comments ...