Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Tomter i Leikanger

Avatar: Systrending
Systrending

Eit kjapt søk på finn.no/eiendom syner at det ikkje er ei einaste tomt tilgjengeleg for å byggje bustad i Leikanger. Tilgjengelege bustadstomter er avgjerande for å få tilflytting av unge barnefamiliar.

Unge barnefamiliar som får arbeid i Leikanger flyttar til Hafslo/Kjørnes /Kaupanger for å byggje seg nye einebustadar. Dette er uheldig for miljø då det blir mykje bilkøyring, og det er uheldig for folketalsutviklinga i Leikanger.

Leikanger må få (fleire) tilgjengelege bustadstomter for å kunne vere attraktive for unge barnefamiliar som ikkje vil bu i små leiligheiter eller eldre einebustadhus. Leikanger med sine store arbeidsplassar og gode solforhold har eit massivt potensiale for tilflytting, om kommunen vil regulere inn tilgjengelege tomter, om naudsynt med oreigning. Det er lite nytte i å peike på regulerte bustadstomter på eit arealplankart som ikkje er tilgjengeleg for kjøp for vanlege tilflyttarar eller eksisterande systreningar. Tomtene må vera tilgjengelege, og tilgjengelege verkemiddel lyt vurderast.

Støttar difor mellom anna at det lyt fullførast kommunalt bustadfelt i Henjabakkane.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share