Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Sogndal - Nytt bustadfelt - Bjelde Gard

Avatar: Terje Hove Thorsnes
Terje Hove Thorsnes

På vegne av grunneigar ynskjer Sognehus as å fremja ynskje om nytt bustadfelt på Bjelde Gard og kringliggjande eigedomar.

Bjelde Gard ligg i utkanten av Sogndal sentrum, opp mot Sogndalsdalen med flott utsyn over heile bygda.
I snart 35 år har grunneigar servert området på sølvfat, og stilt det til disposisjon for utvikling av bustader.
Det er eit skrikande behov for nye bustader i Sogndal, og då snakkar me ikkje om leilegheiter i sentrum.

Det er kjent i det vide land at Sogndal har eit prisnivå på bustader som er på nivå med Oslo og Bergen.
Det blir selt leilegheiter i Sogndal til ein kvm-pris på over 80 000,-
Det er meir enn det doble av kva det kostar pr kvm på ein ny einebustad.

Vi har stor tilgang på potensielle tilflyttarar og ny-etablerarar, men vi er heilt blotta for tilgang på tomter til einebustader og førstegangsetableringsbustader.
Sogndal kommune har vedteke høg fortetting i sentrum, men har ikkje planar om å legge til rette for billegare einebustader rett utanfor.

Dette vil vi gjere noko med, og difor spelar vi no inn Bjelde Gard med kringliggjande areal som eit nytt bustadfelt i Sogndal.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share