Arealplan for Sogndal kommune 2023-2033
#arealplan Planen som bestemmer kva som kan byggjast kvar
Kaupanger - Nytt Bustadfelt på Teigen
Sognehus AS ynskjer på vegne av grunneigar å fremja forslag til nytt bustadfelt på Teigen i Kaupanger.
Det er ynskje om å avsette eigedom 105/28 til bustadføremål.
Det er mogeleg at også delar av eigedom 105/1 og 105/2 kan inngå som bustadføremål, og dette vil det evt. vere aktuelt å sjå på ei løysing for om 105/28 blir avsett til bustadføremål.
Dei aktuelle eigedomen(e) som ynskjast avsett til bustadføremål, er lokalisert nær eit eksisterande mindre bustadfelt mot aust. Mot vest og nord er det meir sprette bustader og/eller skog som dominere. Ca 400m noko lenger vestover langs Kaupangsvegens vestside, ligg det også eit stort bustadfelt.
Arealet som foreslås avsett til bustadføremål ligg i Kaupanger, langs Kaupangsvegen/RV5 og nær Amlabukti. Gnr/bnr 105/28 omfatte ca. 37.0 daa, mens del av eigedom 105/2 omfatte ca. 23.0 daa og del av eigedom 105/1 omfatte ca. 9.0 daa.
Området ligg flott til både med tanke på beliggenheit, men og med tanke på utsikt og solforhold. Det er i all hovudsak ønske om einebustader, med moglegheit for fleirmannsbustader dersom det er behov/ynskje.
Report inappropriate content
Is this content inappropriate?
Comment details
You are seeing a single comment
You can check the rest of the comments here.
Eit stort byggjefelt med 20 bueiningar i dette bratte terrenget prega av levande kulturlandskap med hestebeite, slåttemark og spreidd busetnad meiner vi ikkje vil passe inn. Vi er ikkje i mot etablering av nye bustadar, men vi viser elles til innspela "Ta vare på landskapet rundt Amlabukti", "Jordvern og markagrense i Kaupanger", "Kaupanger og Amlabukti - ein fruktbar tettstad også i framtida", m.fl. for kva som kan skape bulyst og utvikling i dette sårbare og unike landskapet rundt Amlabukti. Vi syner også til innspelet "Vi ønskjer å bevare Brekka som landbrukseigedom".
Stein Joar Hegland & Maria Knagenhjelm
Loading comments ...