Arealplan for Sogndal kommune 2023-2033
#arealplan Planen som bestemmer kva som kan byggjast kvar
Kaupanger - Nytt Bustadfelt på Teigen
Sognehus AS ynskjer på vegne av grunneigar å fremja forslag til nytt bustadfelt på Teigen i Kaupanger.
Det er ynskje om å avsette eigedom 105/28 til bustadføremål.
Det er mogeleg at også delar av eigedom 105/1 og 105/2 kan inngå som bustadføremål, og dette vil det evt. vere aktuelt å sjå på ei løysing for om 105/28 blir avsett til bustadføremål.
Dei aktuelle eigedomen(e) som ynskjast avsett til bustadføremål, er lokalisert nær eit eksisterande mindre bustadfelt mot aust. Mot vest og nord er det meir sprette bustader og/eller skog som dominere. Ca 400m noko lenger vestover langs Kaupangsvegens vestside, ligg det også eit stort bustadfelt.
Arealet som foreslås avsett til bustadføremål ligg i Kaupanger, langs Kaupangsvegen/RV5 og nær Amlabukti. Gnr/bnr 105/28 omfatte ca. 37.0 daa, mens del av eigedom 105/2 omfatte ca. 23.0 daa og del av eigedom 105/1 omfatte ca. 9.0 daa.
Området ligg flott til både med tanke på beliggenheit, men og med tanke på utsikt og solforhold. Det er i all hovudsak ønske om einebustader, med moglegheit for fleirmannsbustader dersom det er behov/ynskje.
Report inappropriate content
Is this content inappropriate?
Comment details
You are seeing a single comment
You can check the rest of the comments here.
Me er ikkje i mot etablering av nye bustader, men utbygging av denne storleiken er ikkje foreinleg med dagens naturlandskap og veg-situasjon i området.
Brekkeflaten er ein aktivt nytta skuleveg der biltrafikken bør reduserast, heller enn aukast. Bruken av eksisterande veg bør omgjerast til gang- og sykkelveg for å betre sikkerheita til skuleborn, ref innspel om mjuke trafikantar på Kaupanger.
Videre vil eit stort byggjefelt råke naturmangfald og landbruksareal. Arealet blir i dag nytta til beitedyr, og det pågår prosessar for å bevare kulturlandskapet i området. Her finst også sårbare artar som ask og hønsehauk, samt store tre som er ei viktig kjelde til rikt fugleliv og bevaring av grønstruktur. Det skisserte arealet ligg i bratt lende, der utbygging vil medføre inngrep med store murar. Dette er i strid med omkringliggjande landskapsverdiar og busetnad.
Me forventar at kommunen handlar i samsvar med verdiane kring naturlandskap og trafikksikkerheit i utarbeiding av ny arealplan.
Tove Knutsen & Tomas Navarsete
Loading comments ...