Treningsområde Snøskuter
Det burde vore tilrettelagt for frikjøyringsområde/treningsområde for snøskuter i Sogndal kommune. Mitt forslag er eit stort området rundt Dyrhovden med tilførselsløyper frå Øvstedalen, Sogndalsdalen og Leikanger. For eksempel frå Njøsadalen, Raunehaugen, siplingane, Lerheimsstølen, Nystølen og Drevdal. (Sjå kart) Område rundt Dyrhovden har utfordrande område med bratt lende, lite skredfarleg pga vegetasjon og lite brukt blandt skigåarar. Treningsområde trengs av både Politi, Røde kors, bønder med meir. Og kunne i tillegg vore ein lovleg plass der ungdom får boltra seg fritt utan å føla seg som kriminelle. Me treng gode skutersjåførar i diverse redningstjenester.
Share