Solsida solcellepark
Framlegget gjeld etablering av ei kombinasjonsdrift av solcellepark og landbruksverksemd i området rundt Mårkjettehola på Kaupanger («Solsida solcellepark»). I eit slikt prosjekt vil ein byggje solcelleanlegg på ein slik måte at ein kan ha eng og beite under og rundt installasjonane. Gjennom dette prosjektet vil Kaupanger Hovedgård bidra til at Sogndal kommune tek ytterlegare del i det grøne skiftet utan å forringe miljøverdiane i området.
Del