Stisykklingsfelt
Området opp til slakken ifrå Sogndal har grunna 2 kraftlinjer samt vegen dei bygde til trafoen opp etter mitt syn ein foringa naturverdi. Eg tenker då at det burde være naturleg å sjå på korleis ein kunne utnytte dette området til aktivitet som td stisykkling eller anna. Ein ville kunne sykle vegen dei bygde opp til trafoen som transport opp so kunne ein laga løyper ned igjen fleire plassar. Ein kan og sjå for seg ein komersiell utnytting der aktørar kunne nytta vegen til å frakte folk og syklar opp med bil/buss slik som det vert gjort fleire andre plassar. Eg tenker også at eit felt her vil være godt egna for mangen i sogndal då det vil være kort veg ifrå sentrum slik at ein kan sykle opp og slepp i bil slik mangen gjer idag når dei syklar på kaupanger. Auka aktivitet i området kan også på sikt knytte Øvstedalen nærmare sammen med Sogndal
Del