Snarveg/Skuleveg frå Skahaug til Røysaleite
Skahaug buset allereie skulebarn, og frå 2023 er det tre nye 6-åringar som skal kunne gå til barneskulen frå Skahaug. Kleppavegen er uegna som skuleveg fordi den er smal, svingete, bratt og mørk.
Over beitemarka som ligg mellom Skahaug og Stytti, går det ein gamal kjerreveg. Vi ønskjer at denne blir sett i stand, og forlenga slik at den gir barna ein trygg vegforbindelse til skuleveg som har fortau (ved starten av 30-sona på Kleppavegen).
Lyssetjing av denne strekninga vil vere ein fordel, men dette er ikkje det viktigaste i første omgang.
Del