Lyssetting og fartsreduksjon i Kleppavegen opp til Skahaug
Kleppavegen er sterkt trafikkert av utfartstrafikk til Kleppa og tungtransport, samtidig som det er smalt, bratt og svingete. Vi som bur på Skahaug, ønskjer å få redusert fartsgrensa på Kleppavegen til 30 km/t for å unngå farlege situasjonar (særleg på glatt føre), opp til start av grusvegen. Dette er den siste realistiske strekninga for fartsreduksjon før siste hellinga og svingane startar.
Kleppavegen har også berre lyssetting på enkelte punkt. Vi ønskjer at dette blir utvida til å vere samanhengande lyssetting opp forbi avkøyring til Skahaug.
Del