Vi ønskjer å bevare Brekka som landbrukseigedom
Vi registrerer at mange ønskjer å legge ut sine landbrukseigedomar til tomter. Brekka, som ligg sentralt i Kaupanger rett ved Kaupanger skule, har dyrka mark som i planperioden vil bli skjøtta for å kunne produsere landskap, biologisk mangfald og mat. Vi meiner at jord- og miljøvern er ekstra viktig i ein uroleg verden, men det er også viktig for trivsel, og ein god investering for framtida.
Sidan vi overtok plassen i 2009 har vi restaurert eit relativt stort areal tilbake til kulturmark, vi har satt opp nye gjerder, og vi har rehabilitert og restaurert ein gode del av bygningsmassen. Vi har brukt store ressursar, mykje eigeninnsats, og vi har i tillegg nytt godt av litt offentleg stønad. Desse investeringane merkar vi blir sett pris på av mange i lokalbefolkninga, og vi trur difor det er svært viktig å bevare Brekka og liknande gardstrukturar i Kaupanger.
Vi håpar planleggarar, politikarar og utbyggjarar vil legge til rette for at eigedommar slik som vår sentralt i Kaupanger i tråd skal kunne skjøttast i tråd med historie og tradisjonar, men også behovet for å ha dyrka mark. Dette betyr også at utbyggingar i nærområdet må ta omsyn til oss som næringsutøvarar innan landbruk og det må leggast til rette for at det skal drivast slik arealkrevjande næringsverksemd sentralt i Kaupanger, og i utmarka. Inngrep som forringar kvalitetar og moglegheiter til landbruksdrift i dette landskapet er difor uønskt.
Vi har lagt til rette for at området kan nyttast av barn og unge, og vi inviterer difor gjerne barnehage, skule og sfo til garden. Bakkane på garden blir brukt til akebakke av skulen, og andre. Dette er også viktige kvalitetar å ta vare på i ei bygd i vekst, og ein heilskapleg forvaltning av landskapet på Kaupanger, og elles i kommunen, med ekstra fokus på dyrka mark er viktig for å skape ein berekraftig framtid både av økologiske og økonomiske årsaker.
NB! Så seint som i førre planperiode låg halve garden teikna inn som potensiell ny kyrkjetomt. Dette blei fjerna i siste planperiode, men er eit viktig bakteppe for det innspelet vi no kjem med.
Vennleg helsing
Maria C. Knagenhjelm og Stein Joar Hegland
Del