Endring av arealføremål på 161- 2, Hôla, og 161 -1, Stølen, i tråd med dagens bruk
På 162 – 2, som i dag er merka LNRF, er det eit nyrenovert hus nytta som heilårsbustad. Eit område på om lag 2,8 mål rundt huset er ikkje nyttbart til landbruksføremål. Me ynskjer difor dette området omgjort til bustadføremål i planen. (Sjå kartutsnitt vedlegg 1) Samtidig er det eit område på om lag 3,8 mål mellom fjøsen på 161-1, anna busetnad og avsett LNRF område på 161-1 som er merka som bustadområde, men er nytta til beite. Dette ynskjer me omgjort til LNRF då det ikkje er eigna til bustadføremål og er naudsynt å bruke som del av, og tilkomst til resten av, beite for dyra. (Sjå kartutsnitt vedlegg 2)
Del