Restaurer våtmarker i Kaupanger: oppleving og biomangfald
Kaupanger har tidlegare hatt mange våtmarker, som myrer, sumpskog og tjørn naturleg fordelt i landskapet. Ein god del av dette har gått tapt gjennom oppdyrking til jordbruk, drenering for skogbruk, og utbygging av plasskrevjande næring eller fritidsaktivitetar i ulike historiske fasar. Men enno er det restar av slike verdifulle naturtypar spreidd i landskapet som vil kunne trenge vern og forvaltning, og mogleg utviding og forbindingar.
I samband med FN sitt tiår for naturrestaurering og det generelle fokus på FN sine berekraftsmål så ønskjer eg å spele inn ein relevant sak til Sogndal kommune sin arealplan.
Våtmarker er særleg viktig i landskapet fordi dei inneheld spesielt biologisk mangfald, t.d. rikt insekt og fugleliv, og fordi dei er vikitg for å bekjempe klimaendringane då dei lagrar både karbon som elles blir til CO2 og dei bind opp vatn i samband med nedbør og flaum. Våtmarker er også sjeldne i landskapa her mellom fjord og fjell, både av naturlege topografiske årsaker og pga av den sterke menneskepåverknaden i fjordlandskapa.
Kaupanger eigner seg for eit heilskapleg prosjekt for restaurering av slike våtmarker. Her finn ein relativt flatt terreng med restar av slike våtmarker i kombinasjon med eit relativt høgt utbyggingspress, men også stadig meir utvikling av opplevingsnæring knytt til turisme og vitensenter/museum som peiker på eit behov for fleire opplevingar. Restaurering av våtmarker kan nemleg bli ein opplevingsmagnet. Auka fugleliv kan auka attraktiviteten til destinasjonen Kaupanger, spesielt ved eit opplegg som tek omsyn til både sjølve naturrestaureringa og opplevinga for lokalbefolking og tilreisande. Kaupanger er ein av dei fremste turmåla i kommunen.
Eg spelar dette inn som fagperson på feltet økologi ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og m.a. har jobba med nokre av desse våtmarkene i samband med studentoppgåver eller utgreiingar. Eg ville ønske at kommunen tek ansvar for å starte opp eit arbeid for å lage ein våtmarksplan med naturrestaurering for Kaupanger der ein inviterer fagmiljø ved HVL, Statsforvaltaren, Statens naturoppsyn og evt. frivillge ornitologar, og grunneigarar som er naturleg å inkludere. Arbeidet kan også inngå i planarbeidet med biologisk mangfald i kommunen.
Del