Nytt bustadfelt på Hermansverk, Leikanger
Sognehus AS ynskjer å fremja deler av GNR/BNR 217/24 og Bnr/GNR 217/80 på Leikanger i Sogndal kommune som potensielt nytt (utvida) bustadfelt for einebustader og einebustad i rekkje.
Det er etter vårt syn stort behov for nye einebustader på Leikanger, og me ser på området som godt eigna til utviding av eksisterande bustadfelt i aust.
Teigane som føreslås avsett til bustadføremål, omfattar ca. 16 daa og ligg langs Rv13/Sognefjordvegen i Leikanger og ca. 500m vest for sentrum.
Arealet er pr. i dag avsett til bustadføremål og LNFR-føremål i gjeldande kommuneplan (utsnitt t.h.).
217/80 er i dag delvis dyrka mark men er avsett til bustadføremål. 217/24 er avsett til LNF, men er i stor grad gjengrodd av lauvtrær, i tillegg til at arealet inneheld ein gammal bustad og nokre fruktrær.
Det er sentrumsnært og ligg fint sørvendt mot Sognefjorden. I nord og vest er det landbrukseigedommar, og i sør grense området mot gangveg og Rv13. Det eksisterande bustadfeltet i aust, består primært av frittliggjande einebustader og nokre fleiremannsbustadar.
Det er stort behov for nye einebustadar i området, så det er ynskjeleg å leggje vekt på dette og kjeda einebustadar. Ein ser føre seg at det kan være aktuelt å leggje til rette for ca. 20 bueiningar.
Del