Mundal som tettstad
Noverande planstatus for Mundal sentrum er gamal og manglar eigarskap hjå oss som bur her. Det er naudsynt å tenke nytt. Samstundes inneheld planen frå starten av 1990-talet nokre element som er viktig å ta med seg vidare. Mundal har eit særprega bygningsmiljø som framleis er vendt mot fjorden (i motsetning til mange andre tettstader). Tilgang til og aktivitet på og ved fjorden er i dag først fremst knytta til rekreasjon og turistnæringane, men er også svært viktig trivselstiltak for fastbuande.
Flg. stikkord er viktige for vidare utvikling av tettstaden:
* blanding av heilårsbustader og næring i sentrum
* fortetting bidreg til å behalde landsbypreget i Mundal
* nokonlunde lik takvinkel på hus. Dette betyr ikkje at alle hus må vera like, men at det er eit attkjenneleg preg på bygningsmiljøet
* bevare tilstrekkeleg luft (omsynssone) rundt historiske bygningar som kyrkja (Grosch 1861/ Lindstrøm 1931) og Hotel Mundal (Blix 1891)
Del