Trafikale tilhøve på viktige skulevegar (Forslagsstillar: FAU Trudvang skule)
FAU Trudvang skule ynskjer å gi innspel til trafikale løysingar knytt til viktige skulevegar.
FAU ser det som svært viktig å sikre minst mogleg biltrafikk i dei viktigaste aksane for gåande og syklande på veg til skulen, til dømes i Skulevegen, Leighgota og Trolladalen. Kan Trolladalen einvegskøyrast, med utkøyring i ny tilkopling til Fjærlandsvegen? Dette vil kunne sikre breiare fortau og/eller sykkelfelt, slik at gåande og syklande ikkje kjem i konflikt med kvarandre, mindre trafikk og tryggare skuleveg.
Del