Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Areal til Trudvang skule og næranlegg nytta av skulen (Forslagsstillar: FAU Trudvang skule)

Avatar: Silje Aaberge Aalbu
Silje Aaberge Aalbu

FAU Trudvang skule ynskjer å gi innspel til arealbruk knytt til skule og fritidsaktivitetar for born og unge:
• Sikre tilstrekkeleg areal til ein sentrumsskule, sentralt i Sogndal sentrum, som også tek høgde for framtidig vekst.
• Sikre nye og eksisterande næranlegg i planen som barneskulen brukar i skuletida og på SFO (Gamma på Rutlin, Hagelin, Fjordstien, Røvhaugane, Bibliotek, Sentrumsparken, symjehall, Campus, Dagsturhytta mm).
• Sikre nærleik mellom skule og eit rikt nærområde med varierte aktivitetar i gangavstand.
• Utvikle eit levande sentrum med aktivitetar knytt til alle aldersgrupper.
• Utvikle gode grendesamfunn med møteplassar/samlingsplassar som friområde, grendahus, leikeplassar og andre aktivitetsområde i alle deler av bygda.
• Nye bustadområde bør leggast slik at ein har sykkelavstand til skule, og det bør sikrast gode samband for mjuke trafikantar ved utbygging.
• Ved planlegging av nye bustadområde, eller fortetting må kommuneplanen sikre nok areal til gode løysingar for skuleskyss dersom område ligg plassert slik at ein har rett på gratis skuleskyss (2 km for 1. klasse, 4 km for 2.-10. klasse).

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del