Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Grønnstruktur over eksisterande busetnad langs Kaupangsvegen

Avatar: Maria Knagenhjelm
Maria Knagenhjelm

Ei hjartesak er å ta vare på grønstrukturen over eksisterande busetnad over Kaupangsvegen. I eksisterande arealplan er delar av denne skravert gul/til bustadføremål. Eg ønskjer at arealet frå Kaupanger skule og austover under Mannhellervegen og over eksisterande busetnad heilt inn til Øvre Amla får status som Grøntstruktur i ny arealplan, og fjerne det gule området frå kartet. Dette er "hundremeterskogen" til kaupingane. Barn nyttar arealet når dei skal gå til og frå skulen, folk lufter hundene sine der og det er eit populært område for terrengsykling. Folk går mellom skulen og Øvre Amla utan å krysse bilveg når dei skal rusle til butikken eller besøke kjentfolk, og all forskning syner at lett tilgang til turområde er viktig for trivsel og folkehelse. Det er eit grønt belte som binder grendene saman og som også er kartlagt som svært viktig friluftsområde.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del