Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Byggefelt Henjabakkan

Avatar: Gunn Helene Solberg Grinde
Gunn Helene Solberg Grinde

I dag hadde Trimgjengen på Leikanger eit møte med MWM frå plan,i høve ny arealplan for Sogndal. Vi hadde som agenda å prøve å adm til å skjøne det store engasjementet vi i bygda har for eit nytt byggefelt og minna han på at det er viktig i eit slikt arbeid både å sjå framover og ikkje minst bakover på det arbeidet som er lagt ned lokalt tidlegare.Vi oppsummerer her vår argumentasjon.
Leikanger har ein ny Arealplan frå 2019
Henjabakkane byggjefelt vedtatt av politikarane
Feltet er avklara Fylkesmannen
Asplan Viak vart engasjert til regulering og skulle vera ferdig vår 2020
Ny kommune følgde ikkje opp saka
Feltet vart kostnadsrekna til 120 mill med ny brei veg tilLeite. Dette er ein veg bygda treng både til Leite,Monken,Seberg og Henja/Røysa
Nytt røyrnett til Leite skulle leggast i vegen og
med omlag 40 mill
Kulturminne ,park og friområde ligg inne
Kort veg til fjord og fjell,skule og barnehage
Planen la opp til sal av dei første tomtene i 2021
Kva har skjedd?
Ny kommune
Ny adm,unge folk med nytt syn
Blir ikkje fulgt opp av ulike årsaker blir det sagt.
Uteblir i budsjettet som viset til dårleg økonomi
Nye investeringar kjem inn frå sidelinja (Fleirbrukshall,skule,kulturhus,barnehage obe)
Kva vil vi?
Leikanger treng eit byggjefelt dersom vi skal vere attraktive som administrasjonsbygd
Vi har jord som ligg klar til å byggje på utan at vi byggjer ned matjord
Feltet ligg solvendt og med fantastisk utsikt
Ungdommen vår etterlyser tomter
Kjødnes er fullt av unge folk som jobber på Leikanger og no er det einaste byggeklare feltet på Hafslo
Vi bur ikkje i by og treng fortetting, vi har andre kvalitetar
Lat orda i Samfunnsplanen bli meir enn klisjear
Skal vi utvikle lokalsamfunnet og få folketalsauke må vi ha noko å tilby, eit variert tilbod av boligar
Ha respekt for det som demokratiet i Leikanger har bestemt
Dette var nokre av dei synspunkta som Trimgjengen målbar i dag.

Ellen Hamre,Vigdis Mardal,Erna Flatabø,Liv Wenche Hjelmeland,Astrid Stokkanes, Dagrunn Torsnes,Signe Røyseth,Karen Margrete Hamre,Gunn Helene Solberg Grinde

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del