Ny barneskule i Sogndal
Innspelsprosess for ny barneskule i Sogndal sentrum
Changes at "Vurderingsgrunnlag for ny skule"
Compare view mode:
Title
- +{"no"=>"Vurderingsgrunnlag for ny skule"}
Body
- +["Plassering av ny barneskule i Sogndal sentrum vil ha stor, for ikkje sei enorm, påverknad på korleis bygda vil utvikle seg vidare. Den vil likeins ha stor påverknad på korleis innbyggarane vil strukturere kvardagen sin og korleis dei ser på skulen. Eg meiner at plassering av skule skal vere sterkt prega av arealplansmåla, som er ei konkretisering av dei noko vage samfunnsplansmåla. Arealplansmåla er konkrete og gjev klare føringar på kva prioriteringar som er føreslått for samfunnet vidare. Arealplansmåla er ikkje vedtekne so vidt eg veit, men dersom dette er ei utfordring er det heilt klart naudsynt å avvente avgjersla på skuleplassering til desse måla er vedtekne.\n\nMed bakgrunn i desse måla framstår Fosshagen som det mest heilskaplege alternativet, med Trudvang som ein god nummer 2. Dersom ein ser bort frå måla alternativa ikkje oppfyller, vinn Trudvang. \n\nEg ber om at ein går gjennom kriteria for val på nytt og forankrar valte kriterie ut frå allereie definerte mål for kommunen."]
Version author
Version created at
05/03/2023 11:52