Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Bussparkering ved Ingafossen

Avatar: Gunnar Lotsberg
Gunnar Lotsberg

I saksutgreiinga står det:
"Med ei etablering på Kvåle vil ein kunne utfordre fylkeskommunen til å etablere kombinert nattparkering og haldeplass under bakken på Ingafossen, med tilhøyrande stor miljøgevinst".
"Stor miljøgevinst" gjeld berre for Kvåle-alternativet. Kvifor blir det ingen miljøgevinst ved Trudvang-alternativet dersom fylkeskommunen byggjer bussgarasje ved Ingafossen?
Det blir vel mykje enklare å plassere bussparkering ved Ingafossen dersom det ikkje skal byggjast skule på same tomta?

Kombinasjon av underjordisk bussparkering og skule gjev store utfordringar med tanke på branntryggleik. Bussgarasjen må delast inn i brannsikre seksjonar som krev ekstra plass. I skissa er det vist 4 seksjonar under Kvåle stadion med plass til 5 bussar i kvar branncelle. Det ideelle er sjølvsagt ei branncelle for kvar buss for å avgrense skaden ved brann. I dag finst det ingen aktuelle metodar for å sløkkje brann i eit stort bussbatteri. Dersom hydrogen eller ammoniakk blir drivstoff for bussane i framtida, kan også drivstofflekkasje gje store utfordringar nær skulen.

Haldeplassen for av- og påstigning bør ikkje plasserast under bakkenivå. Kvilerom for sjåførane må sjølvsagt plasserast over terrengnivå.

Fjerning av 170 parkeringsplassar i dagen er lagt inn som ein føresetnad for barneskule på Kvåle. Det er god plass til å byggje underjordisk parkeringshus bak Sognahallen, men dette blir ein tilleggskostnad for Kvåle -alternativet. Riving av bygningane på Ingahaugen og utgraving av byggjegrop for parkeringshus og bussgarasje, vil stengje passasjen mellom Ingafossen og ungdomsskulen. Det gjev store utfordringar med busstrafikk gjennom Trolladalen i byggjeperioden.

Sjå fleire komentarar i notat som vart sendt til Postmottak 26. februar (motteke 27.2, men ikkje journalført pr. 3.3.)

1 amendment

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share