Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Barna sitt beste må takast hensyn til

Avatar: Kari Holen Loftesnes
Kari Holen Loftesnes

I tilrådinga frå administrasjon om plassering av ny barneskule er ikkje barna sitt beste omtala eller vurdert. Tilbakemeldingane og innspela på folkemøtet var mange, der fleire av dei handla om nettopp dette. Administrasjonen vedgjekk at dette ikkje var utreda eller omtala grundig nok og ville ta dette innspelet med seg vidare i arbeidet.
I FN`s barnekonvensjon, artikkel 3 fyrste ledd, heiter det: "I alle handlingar som vedkjem barn skal barna sitt beste vere eit grunnleggande omsyn". Ein ny barneskule i Sogndal er ei handling som i høgste grad vedkjem barna som bur her og ei tilråding av lokalisering av denne barneskulen skal derfor ha med ei grundig vurdering av kva som vil vere barna sitt beste. Denne mangelen i tilrådinga frå administrasjonen er berre ein av mange, men til gjengjeld kanskje av dei viktigaste. Ei tilråding med slike manglar er vanskeleg å forstå at kommunestyret kan handsame.

Lokalisering av ny barneskule på Kvåle, samlokalisert med ungdomskule, vidaregåande og Høgskule er tvilsomt det beste eller tryggaste for dei minste barna som nyleg har gått ut frå barnehagen. Ei heller ikkje for dei eldre barna på 2.-7. trinn som treng å få vere barn, ikkje ungdomar.
Trudvang som lokalisering sikrar at barna frå 1.-7. klasse i Sogndal kan vere barn lengst mogeleg, og framstår utan tvil som det einaste rette alternativet når det kjem til barnas beste.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share