Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Kvifor er Fosshagen tilsidesett?

Avatar: Guest-10083452
Guest-10083452

I meknader og innspel er Kvåle og Trudvang sett som ytterpunktar på kvar si side. Fosshagen er gløymt, men fortsatt eit godt kompromiss.
Det er rett at skule medfører nedbygging av grøntområde, men det gjer også områdereguleringsplanen med sitt sentrumsformål. I samfunnsnytte-/kostnadsvurdering er det uvesentleg kven som bygger ned det grøne. I eit 60-års perspektiv er det vanskeleg å sjå føre seg Fosshagen som i dag.
Parkarealet i områdeplanen, som er svært vanskeleg å realisera på grunn av tomtekostnad, kan inngå som skulens uteområdet. Her bør bygging av skule legga trykk på berekraft.
Gangvegstrukturen i områdeplanen kan oppretthaldast. Dette sikrar trygg skuleveg i fire himmelretningar. Dalavegen som faremoment, kan kryssast med undergang/overgang som mogleggjer bussing via skysstasjonen.
Eventuell flaumfare handterast greitt til liks med brannfare. Å avdekka eventuelle og ukjente kulturminne i grunnen gir ein tilleggsverdi, ikkje ein kostnad.
Om det finst plass til hall, vil denne ligga nær Campus slik som ønskt. Samstundes haldast skuleborna i avstand frå smeltedigelen på Campus.
Fosshagen har gamle lege/helsesenteret med parkering under bakken. Dette kan inngå i den nye skulen, og vil soleis også gi poeng på berekraft.
Skuleborna unngår ein langvarig anleggsplass.
Ledig Trudvangtomt gir 30 mill i inntekt for Kvåle, men ikkje for Fosshagen. Dette må vera feil. Kostnad for tomt blir derfor 50 mill, og med det er alle einige i at det ikkje er nemneverdig forskjell på kostnaden etter saksframlegget sitt oppsett.
Fosshagen kan gi sentrumsskulen mange ønsker. Bonusen er god forvalting av det unike arealet.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share