Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Høyringssvar frå FAU ved Kvåle skule

Avatar: Guest-2941942
Guest-2941942

Foreldrearbeidsutvalet ved Kvåle skule har i to omgangar bede om innspel frå foreldra på 6. – 10. trinn for å få deira tankar kring den framtidige barneskulen i Sogndal. Det følgjande er skrive ut frå dei tilbakemeldingane som har kome til oss. Alle tilbakemeldingane
vi har fått, argumenterer for at framtidig skule for 1. – 7. trinn skal vere på Trudvang.

Høyr på lærarane og foreldra!

Lærarane ved Trudvang og Kvåle skule legg fram svært mange gode argument for at skulen bør plasserast på Trudvang. At fagfolka som har skule som sitt kompetansefelt tilrår Trudvang, meiner vi er ein tungtvegande grunn som administrasjonen og politikarane må lytte til. Barneskulen har i dag mottoet: «Ein god stad å vera, ein god stad å læra». Læringsmiljøet til barna og arbeidsmiljøet til dei vaksne som jobbar på skulen må vektast høgt. Vi som foreldre tykkjer det er positivt at borna opplever miljøforandring i løpet av oppveksten, slik som det er i kommunen i dag med Trudvang skule og Kvåle skule på ulike separate områder. Vi ser med bekymring på forslaget om at ein skal samle alle elevane på eit svært avgrensa areal på Kvåle. Ein annan bekymring er om skulevegen vil kjennast utrygg for mange av dei yngste borna, sidan dei må dele denne med eit stort tal eldre elevar både frå ungdomsskulen, vidaregåande skule og høgskulen.

Skulevegen og trafikkale tilhøve.

Ved å flytte barneskulen til Kvåle, er vi bekymra for at fleire kjem til å køyre born til/frå skulen. Dagens plassering gir mange så kort veg at til og med 1.klassingar går åleine til/frå skule/SFO. Ved flytting av skulen vil avstanden bli opplevd som for lang for mange av dei yngste. Dette fører til meir biltrafikk både i sentrum og ved skulen og er i strid med nasjonale og kommunale mål om å få fleire til å gå og sykla i kvardagen. Dette vil også gi foreldra ein mindre fleksibel kvardag, der fleire blir avhengig av å hente og bringe til skule/SFO. Det er viktig at kommunen tenker klokt om dette for å bli best på bærekraftig mobilitet, som uttalt i Sogn avis rett før jul i fjor (22.11.22).
Fleire av foreldra ved Kvåle skule uttrykker bekymring for dei trafikkale tilhøva opp Trolladalen og ved Lunnamyri. Ved å flytte skulen vil det ikkje berre vere fleire som køyrer borna sine (særleg på regntunge dagar, som me har mange av), men det vil også kome fleire arbeidsplassar i området. Mange er avhengige av bil til jobb. Vegen er dårleg med trongt fortau. Kapasiteten på vegen er overbelasta av både mjuke trafikkantar og køyrande, og held ikkje mål etter dagens standard. Det er ofte farlege situasjonar i dag. Korleis vil dette verte med endå ein skule, ein barnehage og fleire arbeidsplassar i området?
På den andre sida uroar vi oss for dei trafikkale tilhøva ved Rv5/Fjærlandsvegen og det store presset som vil kome på Ingafossen. Det virkar som kommunen ser for seg Ingafossen som hente- og leveringsstad for elevar. Då vil trafikken auke også her, med alle skulebussane, bussane som er tenkt stå parkert der og ikkje minst alle privatbilane som kjem for å sleppe av barn i alle aldrar. Trykket på Ingafossen vil verte noko heilt anna enn i dag. Ved å behalde Trudvang som skule, vil det trafikkale trykket vere mykje betre fordelt, slik som det er i dag. Barneskuleelevane som kjem med buss går av ved Skysstasjonen, medan ungdomsskule- og vidaregåande-elevar og studentar går av på Ingafossen.
Foreldra ved Kvåle skule ynskjer svar på kva sikringstiltak rundt dei nemnde skulevegane/trafikkårene kommunen legg opp til, og kva dette vil koste kontra dagens situasjon med Trudvang. Kva sikringstiltak vil kommunen setje inn for dei minste som får skuleveg langsmed Dalaelvi? Dette vil også koste kommunen pengar.

Klima og miljø.

Dei klimatiske tilhøva er vesentleg betre på Trudvang samanlikna med Kvåle. Sola vil til dømes vere borte på Kvåle om lag 100 dagar, mot 40 dagar på Trudvang (Kjelde: Suncurves.com). Med færre soldøgn vert utetemperaturen lågare. Dette kjem i tillegg til «Dalatrekken», som Trudvang er meir skåna for.
Gode og trygge rammer for dei minste barna er avgjerande for å sikre ein god overgang frå barnehage til skule. Det er og sentralt i kommunens satsingsområde; "Best på oppvekst". For å nå måla kommunen har sett seg for "Best på oppvekst" er ein skuleveg der flest mogleg barn kan gå til skulen, og eit utemiljø og -klima som fremjar uteaktivitet, spesielt viktig for
barneskulebarna. Vi meiner at det ligg godt tilrette for å nå akkurat desse måla på Trudvang.

Gymsal, fleirbrukshall og Kvåle skule

Vi ser det også som heilt avgjerande at skulen har ein gymsal integrert i skulen for å få nytta den i SFO, og for dei minste elevane i skuletida. I dag er det ein hall på Trudvang som er fullbooka frå morgon til kveld. Eit raskt reknestykke: Om 4x7 klassar skal ha 2 gymtimar i veka, er det 56 timar i veka til gymsal. I tillegg kjem SFO, barnebursdagar, idrett på ettermiddag og helg. Ein ny fleirbrukshall klarer ikkje å dekke opp for manglande kapasitet om hallen på Trudvang forsvinn. Difor bør behovet for ein fleirbrukshall i bygda ikkje vere førande for plasseringa til ein av dei viktigaste institusjonane i Sogndal.

FAU ved Kvåle skule vil påpeike at det også er svært viktig å ta omsyn til ungdomsskulen sine behov for uteområde, skjerming frå andre skular, og tilpassingar til at det blir 4 parallelle klassar om nokre år. Ein vil då mellom anna trenge ein gymsal 24 timar i veka her også. Kvåle skule må rustast for fleire elevar og tilsette i framtida. Med det følgjer mellom anna behov for fleire spesialrom som til dømes kjøken, verkstad og fleire grupperom.

Eit levande sentrum i bygda.

Foreldra ved Kvåle skule framhever den viktige staden skulegarden på Trudvang er for Sogndal sentrum. Svært mange barnefamiliar i eit stort geografisk område rundt sentrum nyttar skuleplassen som sin nærleikeplass. Det er der den viktige uorganiserte leiken og idretten foregår, både etter skuletid, i helgane og ikkje minst i feriane. Med stor tilflytting har Sogndal kommune lenge hatt mål om fortetting. Mange har ikkje hagar sjølve, og folk bur på mindre areal. Barna er difor avhengige av gode fellesareal for aktiv leik. Dei få «lommene» vi har av fellesareal må haldast ved like og styrkast. Vi treng inkluderande offentlege rom. Uteområdet på Trudvang skal vere kjekt for elevane på dagtid, men med god utforming og gjennomtenkte løysingar kan arealet også bli ein endå viktigare møteplass for barn og voksne, fastbuende og tilreiseande utanom skuletida. Gode møteplassar heng saman med livskvalitet og folkehelse, og det er klar samanheng mellom tilgang på gode uterom og ungane sitt aktivitetsnivå. Ikkje alle finn sin plass i den organiserte idretten, og på offentlege leikeplassar kan alle delta på lik linje. Trudvangtomta er eit felles gode som ligg midt i sola i sentrum. Tenk kor bra utearealet på Trudvang kan bli! Kommunen sine oppkjøp av tomtar rundt Trudvang gjer at skuleplassen vil kome nærare senteret og sentrumsparken. Med god utforming vil skuleplassen i større grad enn i dag bidra til å gjere sentrumsområdet meir attraktivt. Byar og tettstadar som lykkast med å opne opp sentrumsområda med gode møteplassar og leikeplasser framstår attraktive både for lokale og tilreisande.
Det er naturleg nok uklart kva som vil skje med Trudvangtomta om det ikkje blir barneskule der, men forslaga så langt tyder på mindre leike- og friareal. Det snakkast om bustadar eller
eldrelandsby og sentrumsbarnehage. Park har også vore nemnt. Med stram kommuneøkonomi er det vanskeleg å sjå for seg at kommunen klarar å settje av eit tilsvarande område som skuleplassen me har i dag til liknande formål. Sjølv om ein barnehage også vil ha leikeplass, vert det på langt nær same høve for aktivitet for ulike aldersgrupper som ein har i ein skulegard.

Vi fryktar ei gradvis nedbygging av dette viktige arealet om barneskulen vert flytta. Her bør ein heller tenke stort og kreativt, og den beste måten å sikre arealet på er å bygge barneskulen der den er i dag. Samfunnsplanen til Sogndal vektlegg at kommunen skal legge til rette for gode oppvekstforhold, attraktive tettstader og fysisk aktivitet. Her har uteområda på Trudvang ein særleg viktig funksjon.

Kommunen sine mål innanfor samfunnsutvikling, bærekraft, klima, miljø, og oppvekst peikar alle mot at barneskulen bør ligge mest mogleg sentralt. Det vil vera eit stort feiltrinn å flytte den til utkanten av sentrum.

FAU ved Kvåle skule.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share