Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Kostnader ved dei ulike alternativa

Avatar: Eirik Rygg
Eirik Rygg

Saksframlegget skal som utgangspunkt gje ein objektiv, etterprøvbar og pålitelig utgreiing av saka. Her manglar det vesentlege punkt for å oppnå dette. Vurderingar av det skulefaglege er ikkje innanfor mitt fagfelt so eg vel å påpeike dei manglane som eg meinar føreligg innanfor det meir teknsike og økonomiske aspektet ved saksframstillinga.

1: Økonomi
Det er i saksframlegget ikkje utgreia økonomi på ein etterrettelig, etterprøvbar måte og stillt opp mot kvarandre slik at ein kan få ein oversikt over kva totalkostnadane er og kva som ligg til grunn.
Me har sjølv rekna oss igjennom prosjektet med dei forutsetningane som blir lagt til grunn og får følgande kostnader:
Trudvang: 763 Millioner
Kvåle: 1013 Millioner

Begge alternativa er lang utanfor vedteke budsjett som iht økonomiplanen vedteke i kommunestyre er på omlag 459 millioner

Anbefalt lesing: Concept rapport;45 - Kommunale investeringsprosjekter. Prosjektmodeller og krav til beslutningsunderlag
https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/handle/11250/2592437

2. Miljørekneskap
So langt eg kan sjå er det ikkje gjort eit førsøk ein gong på å sette opp eit miljørekneskap/budsjett som viser kva konsekvenser dei ulike alternativa får for miljøet.
Det er kring fosshagen omtala bruk av landbruksjord, mens dette verkar som ein gløymt konsekvens ved Kvåle og flytting av idrettsanlegg. Dette er konsekvenser som er godt eigna i tabellform og kan utarbeides på ein etterprøvbar og oversiktleg måte.

3. Tidslinjer
Det er ikkje gjort konkrete vurderinger der ein ser på faktiske tidslinjer på dei ulike prosjekta. Td må ein på kvåle gjennom ein krevjande omregulering før ein i det heile kan gjere vedtak om ekspropiasjon. Utifrå erfaring og den lokale motstanda hjå grunneigarane er det vanskleg å sjå for seg at ein kan gjennomføre desse prosessane på under 4 år.
Dette må synleggjerast og dei ulike stega kvar for seg vurderast slik at ein kan sette opp ei truverdig tidslinje for kvart av alternativa

4. Risikovurderingar
Det føreligg ikkje risikovurderingar for nokon av alternativa. Det må utarbeidast og vurderast riskio for tid, økonomi, skade, miljø mm. Det er td teke enkle antagelser om at byggeplass ifrå Leighgota på Trudvang er veldig farleg, mens ein byggeplass på Kvåle der ein skal kjempe om den same plassen som 100 vis av elevar kjem med buss er uproblematisk. Små born har sjølvsagt dårligare trafikkforståelse, men trafikkmengen og konfliktområda skal ein ikkje undervurdere på kvåle heller. Det bør gjerast skikkelige risikovurderingar av perosnell med rett kompetanse innanfor dei ulike område.

5. Innspel og brukargrupper
Kommunen har jf tidslinje på utfordrarbygda nettopp gjennomgått ein prosess på nesten 3 mnd der ulike brukargrupper har komme med innspel. Det er i saksframlegget ikkje vist verken kven desse er eller i kva grad deira innspel er blitt ivareteke med hensyn til val av lokalisering. I heile dokumentet er det kun nevnt at det er komme fleire innspel på at nokre er uroa for storleiken på skulen. Det bør i tabellform framkomme kva grupper som har komme med kva innspel og i kva grad dei er blitt ivareteke ved innstillnga.

6. Referanser
Det er svært få eller ingen referansar i dokumentet. Det blir på ein uryddig måte framlagt ulike tal som td at eigedommane på ingahaugen skal koste 50 millioner. Det er ikkje noko referanser eller muligheit til å sjå kva som ligg til grunn for dette talet. Eit saksframlegg som skal være truverdig må ha vedlegg og refransar som underbygger tala som blir lagt fram. Dette manglar i sin heilheit.

I tillegg har saka ein svært stor svakheit i og med at ein ikkje har vurdert å nytte eksiterande bygningsmasse på Trudvang og bygge eit nybygg kun for den manglande kapasitetene. Me har sett å rekna på dette alternativet og meiner ei slik løysing vil være desidert best både økonomisk og miljømessig.

Ein antek at ei slik løysing inkludert fleirbrukshall vil kunne ligge rundt 450 mill

Kommunen bør utifrp alle perspektiv vurdere dette som primærløysinga!

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del