Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Uttale plassering ny skule Sogndal sentrum frå Utdanningsforbundet Sogndal

Avatar: Guest-4364687
Guest-4364687

Utdanningsforbundet Sogndal ynskjer å koma med fylgjande uttale ang. plassering av ny skule i Sogndal sentrum. Utdanningsforbundet har både med arbeidsplasstillitsvalde og HTV vore deltakande i prosessen fram til mogelegheitsstudie kom på bana. Diverre opplever me at administrasjonen ikkje har involvert og heller ikkje teke omsyn til lærarane si røyst i etterkant av mogelegheitsstudiet. Både klubben på Kvåle og Trudvang skule har vore svært tydelege med å peika på fordelane med å byggja ein ny skule på Trudvangtomta. Desse innspela vart tidleg sendt inn til Sogndal kommune. I administrasjonen sitt framlegg har ein vist til andre fagfolk for å konkludera med Kvåle som det beste alternativet, medan fagfolka lokalt - eigne lærarar - diverre ikkje vert nemnt med eit ord og difor opplever me heller ikkje at me vert høyrde. Med von om at lærarrøystene vert teke meir omsyn til ved plassering av ny skule!

For Utdanningsforbundet Sogndal
Steinar Øydvin
leiar

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share