Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Storleik på parkeringsanlegg ved Kvåle

Avatar: Iren Meisterplass
Iren Meisterplass

Det framgår av saksframlegget til Sogndal kommune at det skal etablerast felles parkering for heile Campus ved Ingafossen for å auke tryggleik på skulevegen opp Trolladalen. Det er også ynskje om dialog med Vestland fylkeskommune om bussparkering og haldeplass underbakken, ved Ingafossen. I tillegg er det planar for utvikling av Campus, inkludert parkeringsplassar for dette.

Kunnskapsgrunnlaget mitt i høve vurderingane i dette dokumentet er at eg er vegplanleggar med 25 års erfaring frå Statens vegvesen og 10 år i private rådgivingsfirma.

Dette innspelet i er i høve kor arealkrevjande det er å etablere eit parkeringshus ved Ingafossen slik saksframlegget viser. Det er ikkje sett på areal for tilkomst eller for gode løysingar for busstopp/skulebussar. Dette kjem i tillegg til arealbehovet vist i dette dokumentet.
Eg har ikkje gjort tilsvarande drøfting ved Trudvang fordi det ikkje er lagt til grunn i utgreiingane eller i arealplan til Sogndal kommune at det er naudsynt å etablere eit tilsvarande anlegg ved Trudvang.
Samla er det realistisk at parkeringhus ved Ingafossen må vere i 3 etasjar på ca. 6000 m2. Dette er grunngitt i drøftingane nedanfor:
- ein etasje for å flytte eksisterande 170 parkeringsplassar frå nordsida av Campus
- ein etasje for framtidig utvikling av Campus (170 plassar?)
- ein 1 etasje for bussar og bussløysingar knytt til skulen.

Sjå vedlegg med skisser og drøftingar

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share