Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Ope brev til kommunedirektøren frå ein tilflyttar.

Avatar: Ingrid Buvarp Aardal
Ingrid Buvarp Aardal

Hei, kommunedirektør.

Vi ser at du ikkje har vore klar over kven vi er. Og kvifor vi kom. Og kvifor vi valte å bli. Men no var tida inne for å fortelje, for vi kjende på oss at du ikkje heilt hadde forstått.

Vi kom hit litt tilfeldig, vi studerte her, fekk kanskje turnusjobb her, var kanskje tilfeldigvis i Hurrungane og innsåg at det var den finaste bakgarden i verda. Vi fekk ikkje jobb andre stader, kanskje, eller vi skulle berre teste det ei lita stund midt i ei trettiårskrise eller noko. Og så blei vi. Både lærarar, ambulansarbeidarar, biologar, tømrarar, legar, matvitarar, konditorar, sjukepleiarar, ingeniørar og økonomar, med og utan doktorgrad.

Og kvifor reiste vi ikkje igjen, Skinlo? Etter fem år eller femten år med skatt inn i kommunekassen, så du kan lage ein fin kommune for oss å bu i. Kvifor reiste vi ikkje? Jo, fordi vi kan sykle til jobben, Skinlo. Og fordi dei andre utan sognedialekt også blei verande. Og dei kan vi ikkje reise ifrå etter alle desse åra, Skinlo. Og vi blei fordi vi trass alt bur ganske nærme Oslo og Bergen og Førde og Hemsedal og sånne stader der vi har vener og tanter og systrer og nevøar. Sjølv om vi kanskje bur veldig langt frå det vi ein gong kalla heime. Og vi blei fordi klimaet i indre Sogn er betre enn det dei trur på Austlandet. Og vi blei på grunn av snille sjefar, Skinlo. Som gav oss lov til å stå i 80 % stilling slik at vi kunne flekse på finversdagane. Etter kvart blei vi verande fordi svangerskapsomsorga di, den er best i landet, Skinlo. Fordi vi kjenner oss trygge når vi går inn døra og forstår at Tordis veit, men at ho ikkje seier noko til ei levande sjel.

Og så er det på ein måte gjort, Skinlo. For ungane, dei må byrje på skulen, om vi vil eller ikkje. Og når dei gjer det, går inn portane, i fire parallellar, så stikk røtene deira med eitt ganske djupt ned i jorda. Og vi følgjer ungane til skuledøra med elsykkelen. Og vi har passe interessante jobbar som går i hop med ei passe interessant fritid, og vi veit at vi kan ta ein tur på ski når vi får tid. Men vi kan jo ikkje ta oss vatn over hovudet heller, for vi har ikkje så mange til å passe ungane. Men vi blir her, vi blir fordi livet er ganske lettvint og balansen mellom utfordringane i hovudet og kroppen akkurat går opp.

Og veit du, Skinlo? Sjølv om bygda veks og det er fire parallellar, syns vi framleis at vi bur i ei bygd. Ei rett lita bygd, om ein ser stort på det. Og små bygder, dei var vi ikkje klar over lagde utdanningsfabrikkar der alle ungane i bygda går den same skulevegen, inn i ulike men påfallande like bygningar med lange korridorar som skydd mot dalatrekken. Og små bygder, Skinlo, lagar ikkje skular der femåringen veit at når ho blir atten, då skal ho vere russ i nabobygget. Ikkje lagar dei skular der andreklassingane er livredde for at dei store niandeklassingane skal dytte dei ut i skulevegen, eller le, eller kva dei no gjer, dei skumle niandeklassingane. Og små bygder prøver å lage skular slik at femteklassingen ikkje blir bydd snus og får dårlege vanar for tidleg. Dei små bygdene, dei lagar fine små rom for dei minste ungane, slik at når dei kjem syklande til skulen sin, så fryktar dei berre at dei ikkje skal rekke å score mål i friminuttet.

Du veit at dei har fått til mykje i denne bygda, Skinlo. Men akkurat no var vi ikkje sikre på om vi var samde om kva ei draumebygd er. Kanskje syns vi ikkje noko om å byggje sykkelveg i myr eller å fly helikopter i påskefjellet. Kanskje syns vi heller ikkje det passar å byggje bussgarasje når ein skal byggje skule. Og vi tenkjer med eitt på samfunnsdebattanten som for nokre år sidan meinte at nokon hadde ete for mykje campusdrops. Og vi tenkjer at han kanskje hadde rett, og vi lurer på kva dropsa eigentleg inneheld når ein plutseleg trillar terningkast tre og seks sjølv om noko er like dyrt. Og når tilrådd skulelokalisering «legg godt til rette for sambruk med aktørane» og ikkje nemner skuleungane med eitt ord. Vi tenkte berre du ville vite det. Og kanskje fortelje det vidare til Menes. Korleis vi ville bygd bygda, om vi fekk bestemme.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del