Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Kvåle eller Trudvang.

Avatar: Jardar Falck Husum
Jardar Falck Husum

Om valget fell på Trudvang, må tryggleiken til borna ivaretakast under utbygging. Dette meinar eg er blitt teke alt for lite hensyn til i tilrådinga frå kommunedirektøren. Friskt i minne er utbygginga av SHOS. Her oppstod det farlege situasjonar dagleg. Byggegjerda var stort sett åpne, borna sprang bort og tok på gravemaskinar som var i drift. Det var og eit tilfelle der ein elev la seg bak hjulet på ein lastebil. Dei som var i FAU på den tida, tok tak i situasjonen, der dei ansvarlege var fråværande. Sjå brev frå FAU til kommunen. Blei litt bedre, men langt ifrå godt nok. I ein uttalelse frå ansatt på kommunalt anlegg, var at «denne byggeplassen skulle vore stengt på dagen». At ikkje det gjekk liv tapt, er meir flaks enn noko anna.

Om me går utifrå at tryggleiken blir ivareteke etter forskriftene ved utbygging av Trudvang, er det allikevel eit par faktorar som er utfordrande. All trafikk i byggeperiode må foregå igjennom Leithgota. Ifølge Trudvang sine tal, blir ca 50% av elevane køyrde til skulen i dag. Treng ikkje mykje fantasi for å sjå at det blir kaos. I ein byggeperiode bør 100% av elevane følgjas av foresatte. Kvifor? Sjølv om utbyggar gjere alt etter forskriftene, så kan det allikevel skje ulykker. Erfarne fagfolk kan og gjera feil i eit uoppmerksomt augeblikk. For dei som kjenner litt til anlegg, anbud og tidsfristar, så veit me at det blir tekne nokre snarvegar innimellom. Av og til er det faktisk nødvendig for å få jobben gjort. Ungar er nysgjerrige og uforutsigbare. Denne cocktailen er absolutt ikkje bra.
Kven har ansvaret om det går liv tapt? Det er lang tid å halda fokus og kontrollen i ein byggeperiode på om lag 4 år. Det er utfordrande nok for lærarar å få med seg situasjonar som oppstår i skulegården i ein vanleg skulekvardag, om ikkje ein skal belasta dei med dette enorme ansvaret i tillegg. Er det mogleg å tilgi seg sjølv om noko skulle skje, og det kunne vore unngått? Ein faktor til er byggestøv og støy i nesten heile barneskuletida for veldig mange born. Lærarane (i alle fall nokre av dei) har sagt dei skal stå i denne perioden med utbygging. Det er fint, men er dette til det beste for borna? Neppe.

Å flytta elevane til brakkeskule under utbygging, er eit alternativ. Då blir byggetid korta inn (halvert?), og helse og tryggleiken til borna vert ivareteke. Potensialet for tomta på Trudvang kan nyttast optimalt, då ein ikkje treng å ta hensyn til drifta av skulen i den perioden. Om kostnaden blir høgare ved brakkeskule, så blir derimot byggeperiode meir effektiv og kostnadsbesparende.

Men å drive gjenbruk ved rehabilitering av bygningar på Trudvang, kan ikkje vera gunstig. Spesielt det eldste bygget som ikkje har vore godkjent sidan 1998 (dispensasjon). Miljøavtrykket blir lågare ved rehabilitering, men ikkje om ein legg til drifta 50-60 år fram i tid vil eg tru. Eit nybygg får ein bedre miljøklasse, planløysing, inneklima og bedre tilpassa behovet framover. Det å lappe på noke gamalt blir som regel eit kompromiss, og dyrare enn berekna.

Det kom eit par gode innspel på folkemøte 16.02.2023, der det blei påpeika at kostnad estimatet for alternativet Kvåle er alt for lågt. Det høyres nok meir riktig ut med 1,1mrd, enn 500 mill. Men rehabilitering av gamle bygg koster som regel meir enn estimert. Så sikkert lurt å ta regnestykket for Trudvang under lupa og.

Moglegheitsstudie har antageleg ikkje truffe heilt på kostnadar, men synest det er gjort ein bra jobb for å belysa dei 3 alternativa. Sjølv med ein høgare kostnad for utbygging på Kvåle, så får me faktisk veldig mykje igjen for det. Med ein totalvurdering i eit 50-60 års perspektiv, så er Kvåle det beste alternativet. Sett at det er gjennomførbart økonomisk. Sogndal kommune skal i dette tilfelle ha skryt for å ha ambisjonar, og satse stort ved ein utbygging av ny skule med blant anna parkering, trygg elev av/påstigning, og fleirbrukshallar på Kvåle. Det er heller ikkje småtteri å spare 100 000 km med buss (og redusering av busstrafikk igjennom sentrum), ved å ha nattparkering på Kvåle. Mykje av dette er ikkje mogleg å få til på Trudvang.

FAU hadde ein høyringsrunde som blei sendt ut til foreldre ved Kvåle skule, med høyringsfrist 18 desember. Det kom ifølge FAU svært få tilbakemeldingar. Her har nok mange av oss sove i timen, der fokuset heller har vore på Julehøgtida. Stiller eit lite spørsmålstegn med valg av dato for svarfrist.

Det er nokre sterke meiningar for Trudvang, og mot Kvåle. Spesielt argumenta mot Kvåle tenker eg at er mogleg å finna gode løysingar på, om viljen er der. Her er det spanande utfordringar med utforming og plassering av bygg, som bl.a kan skjerma utearealer om dalatrekken er ein faktor.

Det blir lengre skuleveg for nokre elevar og kortare for andre. Ikkje verre enn det. Og så lenge det blir bygd bedre og fleire gang/sykkelvegar, så løyser mykje seg. Når det gjeld utbygging og vekst ut frå Sogndal sentrum 50-60 år fram i tid, så er det vel minst like aktuelt frå Kvåle og framover i Dalen som andre planar? Begge deler?

Frå Stedje sida er det eit par strekningar som pr. i dag ikkje er trygg skuleveg til Trudvang. Spesielt vinterstid. Kan imidlertid lett utbedras. Men så er det avstigning ved busstopp. Her krysser elevar og bussar kvarandre etter avstigning. Ikkje bra. Dette løyser seg sjølv ved alternativ Kvåle.

Ein skule med mange elevar og stor aldersforskjell, kan lett løysast med soneinndeling og eventuelt med friminutt på ulike tidspunkt. Her er det sikkert erfaringar å henta frå andre prosjekt i landet.

Nokre har uttrykt bekymring for mobbing av eldre elevar på skuleveg. Skal ikkje bagatellisere det, men bekymringar er ofte berre bekymringar. Eldre elevar kan og vera ein tryggheit og ressurs for dei yngre. Uansett, kan dette løysast om det blir eit problem. Dei yngste elevane kan starta ein halvtime seinare på skulen, og så sluttar dei litt tidlegare. Problem løyst.

Ved ein utbygging på Kvåle, blir Trudvang tomta fristilt, og kan løysa framtidige utfordringar i kommunen. Tomta bør ikkje seljast ut til private, men heller øyremerkast nettopp til slike formål.

Dei fleste er nok einige i at det blir bra uansett hvilke alternativ som blir valgt. Men det mest framtidsretta alternativet i ein totalvurdering for ei bygd med ambisjonar i vekst, er Kvåle.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share