Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Innspill - fagforbundet trudvang

Avatar: Christoffer Skjæret
Christoffer Skjæret

I skuleåret 22/23 har Trudvang skule omtrent 180 born på SFO. SFO veks i takt med befolkningsutviklinga i Sogndal, og det er ingenting som tilseier at veksten vil slutte. Med tanke på at SFO har sine eigne behov og er ein stor del av den daglege drifta til Trudvang, er det viktig at også me får ei stemme inn i saka. I kommunen si tilråding til plassering av ny barneskule blir ikkje SFO nemnt.

SFO er avhengig av å ha gode arenaer både ute og inne for å kunne gje borna eit godt og gjennomført tilbod. Ein av dei viktigaste arenaene slik SFO blir drifta i dag, er tilgangen på ein innandørs gymsal. Dersom det blir bygd ein fleirbrukshall i avstand frå skulen, vil me som tilsette måtte bruke tid på å følgje enkeltelevar til og frå fleirbrukshall ved henting. Dette tek vekk ressursar som eller burde bli brukt til tilsyn og oppfølging av born.

SFO drivast før og etter skuletid, og det er eit behov for å skjerme brukarane av SFO frå eldre barn og ungdomar. Per i dag konkurrera ikkje SFO i stor grad med andre om ute- og inneområda dei har behov for, slik som gymsal og formingsrom. Uansett kvar den nye skulen blir lokalisert, er det viktig at SFO får ei prioritering på dei arenaene dei har behov for.

Under folkemøtet blei det nemnt at skulen skal byggjast med eit 60 års perspektiv. Me sett då spørsmålsteikn ved at utfordingar knytt til byggeprosessen blir vekta, då det kun er snakk om 2-3 års byggeperiode.

Christoffer Skjæret
Plasstillitsvalt Fagforbundet Trudvang Skule

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share