Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

ELEVEN - LÆRAREN - SKULEN - BYGDA Ei uttale frå tillitvald og klubbmedlemmer i Utdanningsforbundet på Kvåle skule.

Avatar: Edith Eide
Edith Eide

ELEVEN – LÆRAREN – SKULEN og BYGDA
Klubben UDF på Kvåle skule leverte i januar-23 høyringsuttale i høve HRP sin rapport. Denne vedlagt under her som eige dokument.

# I rapporten frå HRP stod det ingenting om at Ingahaugen var den lokasjonen kommune-administrasjonen hadde i tankane som mest aktuell. Hadde administrasjonen gløymt å legge dette inn i mandatet til HRP? Korleis skulle me kunne gje ein reell uttale, når deler av oppdraget er utelatt og ikkje omtala? Første overraskelse i «kinderegget», med rask påfylgjande nyheit om både garasje og bussoppstillingsplass. Kommenterast ikkje meir.

# Pedagogiske vurderingar – “ja dei må me få inn”, sa kommunal-sjefen for oppvekst i høyringsmøtet. Hadde kommuneadmini-strasjonen gløymt at me har spelt inn? Og har kommuneadmini-strasjonen hatt tanke for at det kan vere god samskaping å ta turen ut i relevant kompetansemiljø og hauste erfaring frå dei som jobbar med barn og unge? Då gjerne fleire enn oss pedagogar, slik som lærar-utdannerar, helsesjukepleiarar, PPT, barnevern, familietenesta, sosialtenesta, ja sågar politi. Alle ein del av lokalsamfunnet sitt “lag rundt barnet”, som ynskjer dei beste vilkåra for oppvekst.

# Ingahugen, 1-10 skule? Dette var ein uttale som fall frå administrasjonen på folkemøtet. Nye tankar, innteikna forslag i HRP-rapporten, men ikkje omtalt. Kommunestyret har vedteke 1-7skule. Er det stordrift som freistar? Ein 1-7-skule så nær ungdomsskulen at ein kan ha felles administrasjon og drifting? På bekostning av hus, heim og næringsareal til familiar som har halde til her i generasjonar. God kommuneøkonomi og sosialøkonomi?

# Om me er bekymra for at fleirbrukshallen skal vere styrande for kor ein legg ny 1-7skule? I mandatet, eller oppdraget frå kommunen til HRP, står i rapporten s.2 å lese: “Skulen forutsetjast plan fleirbrukshall”. Sjølvsagt blir me betenkte når me les ei slik bestilling.

Skule er ei primærteneste, som er lovpålagt i ein kommune. Idrett er sjølvsagt av det gode, men det er ikkje lovpålagt kommunen å drive, eller å byggje fleirbrukshall av den grunn. Så difor- ein smule urovekkjande formulering i bestillinga frå oppdragsgjevar til HRP sin mogelegheitsstudie. Ei primærteneste kan ikkje plasserast/styrast ut frå “sekundære ynskje”. Me kan forstå at hall er ynskjeleg, og på sikt eit behov når også ungdomsskulen blir 4 parallellar. Men her må barneskulen prioriterst først!

# Det som derimot er lovpålagt, er å drive musikk og kulturskule. (opplæringslova) Sjå der, eit godt argument for samlokalisering og samdrift av aktivitet som til og med kan føregå i same bygning og lokalitetar. Eit aktivitetstilbod som absolutt fortener betre vilkår i bygda vår! Me har svært gode vilkår for å drive idrett, og me ynskjer for dei som trivst med andre ting som dans, drama, film, kunst og kreativ skaping av ulikt slag, dei same gode vilkåra. Breiddetilbod også innan kultur. Breiddetilbod for barn og unge i Sogndal!

# For knapt uteareal på Trudvang, hevdar enkelte politikarar. Er det det? Ein kan peika på ynskjeleg norm på 50m2 pr elev (helsedir.) når alt ligg til rette for det. Men dette er ikkje eit krav. 50m2 tilsvarar arealet av ei grei to-roms leiligheit. Det er då meininga at elevane skal vere i sosial interaksjon med kvarandre, ha det kjekt ilag. Litt stusseleg med berre ein elev «i leiligheita», eller 4-5 elevar i ballbingen, for å belyse eit slikt areal.

Studiar viser at det sjølvsagt må vere eit minsteareal for å dekkje nødvendige aktivitets-tilbod, men at det er tilrettelegginga/ innhaldet/aktivitetane på arealet som er det aller viktigaste. I kommunen si bestilling til HRP ligg det inne eit uteareal på 18m2 pr. elev. Eit godt utgangspunkt for sosialt samspel. Allereie oppkjøpt areal samt Stitoppen innlemmast- og - rapporten frå HRP seier at Trudvang har plass nok!

# I mandatet, under samfunnsverknad står: “Skulen skal vere ein trygg og god arena som sameinar generasjonar, og rører oss gjennom heile livet. Skulebygget er ein mogeleg sosial bidragsytar som skaper gode møteplassar for alle generasjonar også utanom åpningstida.»

Dette er ei fantastisk god målsetjing, som vitnar om vidsyn, integrering og samskaping framfor segregering. Lat den nye skulen bli nettopp det, med allrom som arena for møte mellom kulturar og generasjonar. Ein stad der ein lett kan gå, sykle eller rulle til. Trudvangtomta høver svært godt til nettopp det! Nærleik for alle generasjonar.

# Vidare, under samfunnsverknad: «Skulen er først og fremst ein læringsarena for elevane som går der, men kan også nå ut til andre brukarar. Tilgjengeleg areal og rom etter åpningstida til skulen, og gode uterom og leikeområde kopla på andre offentlege rom er døme på dette.»
Dette er nett slik me pedagogar ynskjer det;
• Gode og slitesterke bygningar med romtilhøve tilpassa pedagogisk drift og allrom som tener eit breitt fellesskap.
• Gode flater for kroppsøving og annan aktivitet «vegg i vegg», som ein kan springa over til i inneskoa, og ikkje bruka opp den tilmålte tida til på- og av-kledning av dei minste, for så å gå til og frå ein evt. hall. Hugs, dei yngste kjem rett frå barnehagen og er ikkje meir enn 5-6 år. Mange elevar er også unge lenge.
• Flate for kroppsøving der me kan ha oversikt, og sleppa leita etter elevar som går seg vekk, eller stikk seg vekk. Eit trygt areal med eigna utstyr for aldersgruppa.
• Oversiktleg og avgrensa uteområde der me lett kan fylgja med, og vera trygge for at elevane har det bra. Gode aktivitetstilbod som kan nyttast både i og etter skuletid.
• Ein skule og eit uteområde der barn kan få vere barn, og ikkje introduserast for ungdoms- og vaksenlivet alt som 6-åring. Og - ein skule der 11-12-åringen framleis kan tora/få lov til å vere barn.
• Uteområde som kan stetta behovet for eit nærmiljøanlegg, der barn og unge kan møtast til uorganisert aktivitet nær der dei fleste bur. Ikkje alle har høve til, eller vil, delta i organisert aktivitet. Kor vil me finne desse barna og ungdommane dersom det ikkje finns eit sentrumsnært aktivitetsområde? Gatelangs? På Amfi?
Om kommunen vil, kan Trudvangområdet bli ein fantastisk møteplass for alle aldrar. Skjerma, og med gode klimatiske føresetnader. Eit aktivitets og rekreasjonsområde i bygda vår, med bygningar og uteareal som slepper lyset og varmen inn.
• Kopling til andre offentlege rom som kulturhus, bibliotek, strandsona, gammen på Ulvahaugen, Stitoppen, Røvhaugane, og lett tilgjenge for å læra om Sogndal si historie. Godt entreprenørskap!
• Og- når tida på barneskulen er slutt, fylgjer ein spennande overgang til ungdoms-skulen. Noko nytt, ein mogeleg «restart». Eleven treng å gjere seg erfaringar med overgangar, å meistre gå inn i det litt ukjende. Øving på å ta eit steg opp og inn i framtida. Bli robuste ungdommar.

# Gjenbruk? Bygningsmassen på Trudvang er for dårleg, og ikkje godkjend blir det hevda. Murbygningen bør rivast – eller – må den det? Nettopp denne vart renovert for fleire millionar for nokre år tilbake. Taket vart heva for å få på plass nytt ventilasjonsanlegg. Bygget inneheld kanskje dei beste klasseromma på Trudvang pr. no. Fem store lyse klasserom, med store vindauge som gjev godt lys. Ein avdeling med små rom nytta til arbeidsrom for personalet, kunne like gjerne vore nytta som grupperom. Sjå til byane, murbygningane består. Murbygnigen har solide vegger og trappegangar, men treng gjerne ei oppgradering innvendig. Gjenbruk må vere mogeleg.

Trebygningen som vender mot Leite er etter det me erfarer i dårlegare forfatning, med lekkasjar, og ein dårleg utnytta halvetasje på toppen. Denne er det kanskje lettast å gjera noko med. (rivast, rehabiliterast,) På denne grunnflata, eller dette arealet kan det fint byggjast ein etasje til, noko som gjev fleire gode klasserom. Arealeffektivt.

# Elevar som blir køyrde til skulen, absolutt ei utfordring. 50% av elevane på Trudvang blir køyrde til skulen vart det sagt på folkemøtet. Men - 35% av desse er busselevar. Dette lempar litt på inntrykket av privat køyring. I denne samanheng: «Kiss’n ride» omtala i HRP-rapporten, eller som me heller vil kalla «Kyss & Køyr», kan det vere mogeleg å få til via skulevegen.

Slik kan med fortsetja- på det som er sagt mykje godt om av andre. Den som vil lesa meir om det me gav innspel på i vår første uttale, finn som sagt uttalen vedlagt under her.
Dog - omlag 1/3 av pedagogane på Kvåle skal med tida overførast til den nye barneskulen. 2/3 av pedagogane skal framleis ha sin arbeidsplass på ungdomsskulen på Kvåle. Som tillitsvald for alle lærarane på noverande Kvåle skule, er det viktig for meg å halda fram at det skal vera gode arbeidstilhøve også for elevar og lærarar i framtidig ungdomsskule. Med tida, og ikkje svært langt fram, skal også skulebygningane på Kvåle husa 4 parallellar, og med det eit større tal lærarar og miljøterapeutar. Fire parallellar er maks kva som kan gå inn i dagens bygnings-masse på Kvåle, ein bygningsmasse som me erfarer at óg treng oppgradering og vedlikehald.

Det viktigaste me er foreinte om i vår tidlegare klubb-uttale, og no, er at elevane skal får vere barn i eigna miljø, tenåring i eigna miljø, og ungdom i eigna miljø. Det er like viktig for tenåringen å ha sitt miljø, som det er for dei yngre elevane å ha sitt miljø.
Det handlar om leik, læring og meistring, om utvikling av identitet og tilhøyrigheit innan trygge og gode rammer. Me pedagogar skal så godt me klarar saman med føresette, vere faglege og sosiale rettleiarar på denne vegen. Med alt til rett tid, og på rett arena.

«Politikk er den virksomhet innen et sosialt system som innebærer at mål blir satt, prioriteringer ordnet, verdier fordelt og virkemidler valgt og anvendt.» (frå oppslagsverk)
Med andre ord, politikk er å prioritere!

Måtte Sogndal sin kommuneadministrasjon og Sogndal sine politikarar prioritere si primæroppgåve til beste for; - eleven og heimen - læraren - skulen - og bygda!

Edith Eide, lærar og UDF-tillitsvald, Kvåle skule.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del